Trafikkulykke på rv. 5 – mann i 80-åra køyrt til sjukehus

Kom seg ut av bilen sjølv, og hadde sårskader i ansiktet.

DEL

AMK melder torsdag om ei trafikkulykke på rv. 5, ved Hornnesvika mellom Førde og Naustdal. Ulykka skal ha skjedd 18.40, og hendinga vart meldt av politiet klokka 18.52.

Ein bil står midt i vegen og det er ein del materielle skader, ifølgje politiet.

Bilføraren er ein mann i starten av 80-åra.

Han skal vere ute, og er i kontakt med naudetatane. Føraren har blitt sjekka på staden, og det blir meldt at han skal ha fått sårskader i ansiktet.

Politiet slår fast at det ikkje var andre bilar involvert, og at mannen var åleine i bilen. Han er no sendt til Førde sentralsjukehus for sjekk.

Det var lenge meldt at vegen var stengt i begge retningar. Etter ein sjekk med politiet frå Vegtrafikksentralen Vest får Firda opplyst om at vegen vart opna 19.20.

Artikkeltags