Slo til vakt, køyrde i fylla, og hylte og skreik og var rar

Artikkelen er over 2 år gammel

SUNNFJORD: Ifølgje Twitter-meldingane frå Vest politidistrikt har natt til 1. april med få unntak vore roleg for lovas lange arm.

DEL

Førde:

Politiet tok i går kveld hand om ein mann i 30-åra på Bergum.

Mannen hadde laga bråk på ei privat adresse, og oppførte seg merkeleg med hyl og skrik.

– Mannen var særs rusa og ikkje i stand til å ta vare på seg sjølv, og han oppførte seg aggressivt mot politiet. Etter at han hadde fått tilsyn av helsepersonell vart han sett i drukkenskapsarresten, seier Stein Rune Halleraker som er operasjonsleiar ved Vest politidistrikt.

Politiet kjem til å opprette sak på hendinga.

Noko seinare på natta fekk politiet melding om at ein annan mann i 30-åra hadde køyrt i autovernet, før han køyrde vidare.

Etter ei tid fekk ei politipatrulje stansa mannen som er mistenkt for køyring i rus.

Mannen fekk førarkortet kverrsett og han vart teken med til blodprøvetaking. Politiet opprettar sak på tilhøvet.

Naustdal:

Ein mann som laga bråk på privat adresse i Naustdal vart teken hand om av politiet og sett i drukkenskapsarresten i Førde.

Askvoll:

Ei vakt på Askvoll sjøbuer var slegen til av ein mann i 40-åra. Både politi og ambulanse rykte ut, men det er uvisst kor skadd vakta vart.

– Politiet har avhøyrt mannen som slo, og han vedgår å ha slege vakta. Det vert oppretta sak, seier Stein Rune Halleraker som er operasjonsleiar ved Vest politidistrikt.

Artikkeltags