Politioverbetjent og etterforskingsleiar Stine Mari Vårdal, ved Førde og Naustdal lensmannskontor fortel til Firda at ein lokal kjenning av politiet onsdag vart arrestert av politiet.

Han er mistenkt for ei rekke tjuveri i Førde-området, og har i ettertid innrømt at han står bak fleire av desse tjuveria. Politiet har også drege inn mykje av tjuvegodset etter gårsdagens aksjon.

Observert av vitne

– Vitne tok bilde av gjerningsmannen, og han vart deretter kjent att av politiet, seier Vårdal, som gir skryt til personane som varsla politiet. Dei gode vitneobservasjonane gjorde at politiet slo til ved personens bustad, der dei fann mykje tjuvegods i ei bod.

– Men det finst meir tjuvegods enn det vi har drege inn. Mannen har i avhøyr signalisert at han har stole meir, men at han ikkje har oversikt over kvar alt er, seier Vårdal.

Fiskestenger, klede og verktøy

Ho oppfordrar difor folk til å sjå gjennom bodar og liknande, for å sjekke om dei manglar noko. I tillegg oppfordrar ho folk til å sjekke hagane sine.

– Det var tidlegare funne tjuvegods i ein hage. Vi vil at folk skal sjekke om dei finn tjuvegods gøymd i hekkar eller liknande.

– Så det kan rett og slett vere gøymd tjuvegods i andre personar sine hagar?

– Ja, svarar Vårdal, og gir døme på kva politiet til no har teke inn:

– Det var stole fiskestenger, bagar med klede, verktøy, elektriske verktøy som drillar, parfyme, deodorantar, sykkelhjelmar og anna, seier etterforskingsleiaren, som fortel at noko av tjuvegodset allereie har funne sin rettmessige eigar.

– No hadde vi akkurat ein person innom som henta 11 fiskestenger, seier Vårdal, som oppfordrar folk som har fått stole noko til å ta turen innom lensmannskontoret.