Politiet rykte ut for å sjekke om det var skyting i Førde sentrum

Innringar høyrde fleire smell som han tolka som skyting

DEL

Politiet fekk rundt halv to natt til søndag melding frå ein innringar i Førde.

– Personen meinte han hadde høyrt lydar som han tolka som skotlydar frå sentrum, seier Joachim Malterud ved Førde og Naustdal lensmannskontor.

Politiet reiste ut og undersøkte saka, men kunne ikkje finne noko som tyda på at nokon hadde skote med gevær.

– Men det er bra at folk ringer inn og gir beskjed om dei er i tvil, seier Malterud.

Artikkeltags