Meldingar om glatte og isete vegar: – Folk må vere på vakt

DEL

Både frå riksveg 5 mellom Naustdal og Førde og frå E39 mellom Byrkjelo og Sandane har det kome inn meldingar om glatte og isete vegar onsdag morgon.

– Vi har ein litt kaldare vêrtype i dag enn tidlegare. Det er fare for at det kan fryse på. Folk må vere obs, særleg på sidevegane. Det skal vere godt salta, men ein veit jo aldri, seier Ronny Sleire, trafikkoperatør i vegtrafikksentralen.

Entreprenøren er no ute og dobbeltsjekkar vegane og saltar meir dersom det er nødvendig.

Artikkeltags