Teiprull på utedo vart linerlereir

Linerla laga reir og la egg inne ein teiprull på utedoen til Vieåsen barnehage.

Linerla laga reir og la egg inne ein teiprull på utedoen til Vieåsen barnehage. Foto:

Artikkelen er over 3 år gammel

FØRDE: Ei linerle har lagt egg i ein teiprull på utedoen til Vieåsen barnehage.

DEL

– Først var det seks egg, så var det fem og no er det fire, seier Maria Bakke Halvorsen (5).

Borna i utegruppa Tussero i Vieåsen barnehage er samla rundt bålet.

– Kven har teke dei då? Kan det ha vore eit dyr? spør barnehagelærar Ronny Ask.

– Ei ørn?

– Ein stor grevling?

– Eit tusenbein?

Fokus på eigenlæring

Forslaga er mange, og Ask foreslår sjølv at det kanskje kan ha vore ein røyskatt. Men det får vi kanskje aldri vite. Det vi derimot kan vite, er at det er eit linerlereir oppi ein teiprull på utedoen til Vieåsen barnehage. 

Tussero er uteavdelinga til Vieåsen barnehage i Førde. Dei har 18 born i forskjellige aldrar, og har fokus på eigenlæring i naturen. Mellom anna lærer dei seg å nytte kniv og lage bål.

– Det var ein på kontoret, som er litt sjef, som oppdaga reiret, seier Mikael Sægrov Amble (5).

Saman med Maria syner han veg til reiret for Firda sin utsende.

Dei to har ikkje sett reir eller fugleegg før og synest det er stor stas å få besøk på denne måten.

– Eg trur den kan bite, seier Mikael.

Likar kontakt med menneske

«Linerla 16,5-19 cm lang. Fuglen er kvit, svart og grå med lang, vippande hale. På grunn av nær kontakt med menneske har den fått ei lang rekke dialektnamn. Den legg reir i holrom eller andre plassar med overdekking», skriv Store norske leksikon om linerla.

– Babyane kjem til vinteren, seier Maria.

Ifølge SNL er det ikkje sikkert dei treng å vente så lenge:

«Dei 4–7 gråkvite egga med små, mørke prikkar vert ruga av hoa i 13–14 dagar».

Maria Bakke Halvorsen og Mikael Sægrov Amble (begge fem og eit halvt) viser kor stort linerlereiret er.

Maria Bakke Halvorsen og Mikael Sægrov Amble (begge fem og eit halvt) viser kor stort linerlereiret er. Foto:

Vieåsen barnehage har mellom anna eigen jordgamme.

Vieåsen barnehage har mellom anna eigen jordgamme. Foto:

Artikkeltags

Kommentarer til denne saken