To tekne med narko i Førde – meir enn til eige bruk

Artikkelen er over 1 år gammel

POLITI: Politiet i Førde stoppa ein bil og tok hand om to personar med narkotika.

DEL

Vest politidistrikt skriv på Twitter at ein politipatrulje har funne narkotika på to menn i Førde sentrum.

– Politipatruljen i Førde stansa ein bil i Førde sentrum. Der fann dei narkotika på to av de i tre i bilen. Det er slike mengder at dei vart sett i arresten, seier operasjonsleiar Morten Rebnord i Vest politidistrikt.

Av omsyn til etterforskinga vil han ikkje gå ut med kor mykje narkotika dei to hadde, men seier det var meir enn ein skulle forvente til eige bruk. Hendinga skjedde halv to, natt til laurdag.

Arrestantane er menn i 20-åra og heimehøyrande i distriktet. Dei skal avhøyrast i løpet av laurdagen, men Rebnord reknar med at dei vert sleppt fri etter avhøyra.

– Ut over dette har det vore stille og fredeleg i heile Vest politidistrikt natt til laurdag, seier operasjonsleiaren.

Artikkeltags