Nye E39-ferjer får Førde-design

NYBYGG: Slik vil dei nye ferjene komme til å sjå ut.

NYBYGG: Slik vil dei nye ferjene komme til å sjå ut. Foto:

SAMFERDSLE: Torghattens nye ferjer på hovudsambandet Halhjem–Sandvikvåg er designa av Multi Maritime.

DEL

Gå hausten i møte - BERRE 88 kr for 8 veker med papiravisa og alt innhald på nett

Førde-bedrifta Multi Maritime festar igjen grepet som den største leverandøren av ferjedesign i Norge. Saman med Torghatten Nord har selskapet utvikla dei to ferjene som skal setjast inn på stamvegsambandet Halhjem–Sandvikvåg, når Torghatten overtek drifta av dette etter Fjord1 i komande anbodsperiode.

Gass og elektrisitet

Torghatten har no inngått kontrakt med Vard-konsernet om bygging av dei to ferjene, som blir tilpassa behova og krava for dette høgt trafikerte sambandet i Hordaland.

Ferjene vil m.a. få installert eit gasselektrisk hybrid framdriftsanlegg med batteri, som gjer at ein reduserer forbruket og utsleppet frå gassmotorane. Fartya vil få plass til 180 personbilar på dekk, vere 130 meter lange, og skal kunne gå med 18 knops fart. 550 passasjerar skal få plass om bord, og ferjene blir utstyrte med salongløysing og kafeteria med 360 graders utsikt til norsk natur.

Les også: Byggjer hybridferjer med design frå Sunnfjord og Jaktar seks nye medarbeidarar

Vidare er det lagt vekt på at det skal vere lite støy om bord i ferjene og for omgjevnadene der dei går, og der hus og hytter ligg tett inntil.

Dei to ferjene skal leverast frå Vard Brevik i tredje og fjerde kvartal 2018. Kontraktverdien er på rundt 600 millionar kroner.

Størst

Torghatten-konsernet har no eit monaleg tal ferjer med Multi Maritime design i drift og bestilling for dei næraste åra, skriv ferjereiarlaget i ei pressemelding.

Multi Maritime har sidan oppstarten i 1983 levert eit stort tal ulike typar skipsdesign. Selskapet er i dag den største leverandøren av ferjedesign i Norge, og kjem med dei nye ferjene opp i totalt 65 nybygg til denne marknaden. Førde-bedrifta har i overkant av 30 eigne tilsette. I tillegg kjem mange engasjerte i samarbeidande selskap.

Les også: Tor Ivar (30) mista ingeniørjobben i oljebransjen – la ut på sitt livs eventyr

Artikkeltags