Multi Maritime har utvikla miljøferje

Slik skal ferja sjå ut. Illustrasjon: Multi Maritime AS.

Slik skal ferja sjå ut. Illustrasjon: Multi Maritime AS.

Artikkelen er over 3 år gammel

Ferja skal byggjast av Fiskarstrand Verft for reiarlaget Boreal Transport Nord.

DEL

– Multi Maritime er stolt over at reiarlaget Boreal for sjuande gong har vald ei ferje som er utvikla av oss, seier administrerande direktør Gjermund Johannessen i Multi Maritime i ei pressemelding.

Ifølgje Johannessen var utfordringa frå reiarlaget å utvikle ei ferje som er førebudd på morgondagens teknologi og som har stuttast mogeleg byggjetid.

Kan køyre på biodiesel

Reiarlaget har lagt vekt på miljø, og har vald ei dieselelektrisk lågutsleppsferje som òg kan køyrast på biodiesel.

Ferja er òg førebudd for andre tekniske løysingar som hybrid-, plug-in hybrid eller heilelektrisk drift med batteri.

Ifølgje Johannessen gjev løysinga stor fleksibilitet med høve til lading med straum frå land på eit nivå som er tilpassa nettilgang og nettkapasitet.

– Målet for Multi Maritime er alltid å utvikle energieffektive farty med gode sjø- og manøvreringseigenskaper. Dette fartyet er i tillegg òg utvikla for å kunne møte nye krav til både lågutsleppsteknologi og nullutsleppsteknologi på ein enkel og fleksibel måte, seier Johannessen.

50 bilar og 6 vogntog

Skroget skal skal byggjast i Litauen, og resten av ferja skal byggast hjå Fiskarstrand Verft.  Leveringstid er 12 månadar.

Ferja vert 66,4 meter lang, 14,2 meter brei, passasjerkapasiteten er 199 personar, og ho kan ta ombord 50 personbilar og 6 fullasta vogntog.

Artikkeltags