INTIN og Mediebruket har fått storkontrakt med Forsvarsbygg

LANDA KONTRAKT: F.v.: Terje Sørbø fra Mediebruket, John-Einar Jakobsen frå Forsvarsbygg
(på Skype i bakgrunnen), Rune Viken fra INTIN, og frå Forsvarsbygg: Cecilie Jentoft, Lisbeth
Engebregtsen og Stein Sætersdal.

LANDA KONTRAKT: F.v.: Terje Sørbø fra Mediebruket, John-Einar Jakobsen frå Forsvarsbygg (på Skype i bakgrunnen), Rune Viken fra INTIN, og frå Forsvarsbygg: Cecilie Jentoft, Lisbeth Engebregtsen og Stein Sætersdal. Foto:

Artikkelen er over 1 år gammel

NÆRINGSLIV: Førde-selskapa skal vere med å levere nøkkelfri teknologi til Forsvaret sine bustadar.

DEL

INTIN og Mediebruket har alliert seg med selskapa Låssenteret Norge AS, El-Proffen AS og Danalock International ApS. Saman har dei landa ei kontrakt med med Forsvarsbygg berekna verdi på 30 millionar kroner fordelt på tre år.

Forsvarsbygg er eit statleg forvaltningsorgan som ligg under Forsvarsdepartementet. Dei utviklar, bygger, driftar og avhender eigedom for forsvarssektoren.

– Kontrakta med Forsvagsbygg er for omfattande til at eit av desse slskapa kunne ha greidd den åleine, skriv Rune Viken, dagleg leiar i INTIN, i ei pressemelding.

Dei fem selskapa skal levere automatisk nøkkelhandtering på bustader og hyblar som tilhøyrer Forsvarbygg, som skal spare pengar på nøkkelfrie bustader.

– Kva rammeavtalen med Forsvarsbygg vil bety i kroner og øre for kvart selskap, er uråd og berekne, skriv Rune Viken.

Artikkeltags