Her kryssar den 60 tonn tunge kranbilen elva

UVANLEG SYN: Her køyrer ein av mobilkranane over elva for å nå kraftverket. Videoen av kryssinga (som du kan sjå i saka) er sett nær 100.000 gongar.

UVANLEG SYN: Her køyrer ein av mobilkranane over elva for å nå kraftverket. Videoen av kryssinga (som du kan sjå i saka) er sett nær 100.000 gongar. Foto:

Artikkelen er over 1 år gammel

FØRDE/LUSTER: Brua til kraftverket var ikkje dimensjonert for to store kranbilar, men generatoren måtte fram. Då fann kran-bedrifta ein ganske annleis veg.

DEL

– Det gjekk heilt fint. Det var ikkje anna enn ein god vask, seier Stig Are Hoddevik og ler.

Førde Kranutleige, der Hoddevik er dagleg leiar, skulle fredag løfte på plass ein 26 tonn tung transformator til Eldelvi kraftverk i Veitastrond. Det vart ein jobb litt utanom det vanlege.

To av bedrifta sine mobilkranar måtte nemleg krysse elva. Og då vart løysinga å ta dei store køyretøya på ein symjetur. Sjå video av ein av kryssingane nedst i saka.

Høg vasstand

Hoddevik fortel at dei på førehand var klar over at brua ikkje kunne nyttast, og dei ville bli nøydde å krysse elva på denne måten. At vasstanden skulle vere så stor som den var, det var dei likevel ikkje førebudd på.

Vasstanden var nemleg om lag ein meter, elva var stri og elvebotnen var svært steinete og ujamn. Dumperasar har kryssa der før, men kranselskapet hadde aldri før kryssa ei så stor elv.

Men over måtte dei, og då måtte dei berre prøve å måle krefter mot naturen.

– Vi visste at botnen var råd å køyre på, og kranane tolte det heilt fint. Dei er for tunge for å bli tekne av elva, seier Hoddevik.

Sett 95.000 gongar

Ein av dei tilsette i bedrifta filma kryssinga, og laurdag la Hoddevik videoen ut på Facebook.

Synet av den 60 tonn tunge, 15,5 meter lange og tre meter breie kranbilen som «sym» over elva, spreidde seg raskt. På litt under eit døgn hadde videoen 73.000 visingar, og 715 delingar. I skrivande stund er den sett 94.000 gongar, og er delt av 890 personar.

At videoen vart sett og delt så mykje overraska Hoddevik. Kvifor den har spreidd seg så fort, meiner han har ei enkel forklaring.

– Det er jo ikkje noko ein ser kvar dag, seier Hoddevik.

Dette blir heller ikkje siste gong dei må krysse elva på denne måten. Førde kranutleige skal tilbake til kraftverket seinare, og då ventar nok ei elvevassing.

Artikkeltags