Har selt alle aksjane i Artic Shipping

HAR SELT: Ove Vilnes,gründer av Artic Shipping, har selt alle aksjane til AquaShip.

HAR SELT: Ove Vilnes,gründer av Artic Shipping, har selt alle aksjane til AquaShip. Foto:

NÆRINGSLIV: Førde-selskapet Artic Shipping med 75 tilsette er seld til AquaShip.

DEL

– Dette er ein prosess som har gått føre seg over tid, og avgjerda om å selje har ikkje vore enkel å ta seier gründer av Artic Shipping, Ove Vilnes til nettstaden ilaks.no.

75 tilsette

Torsdag blei det kjent at AquaShip har kjøpt 100 prosent av aksjane i Artic Shipping. Selskapet har 75 tilsette og alle følger med i oppkjøpet.

Artic Shipping er ein av de største og teknologisk leiande aktørane innanfor segmentet frakt av fiskefôr.

– Artic Shipping passar perfekt inn i vår strategi om å bygge ein globalt leiande aktør innanfor det breie maritime servicesegmentet i havbruksnæringa, seier konsnersjef i AquaShip, Sverre Taknes.

Han seier at selskapet vil bli ført vidare som eit sjølvstendig dotterskapseskap under AquaShip-gruppa.

– Fantastisk mannskap

Gründer Ove Vilnes seier følgande til nettstaden:

– Etter kvart som vi har blitt betre kjent med kjøpar, har vi blitt imponert over det vi har sett, og omsynet til tilsette og EWOS har vore viktigare enn noko anna i den prosessen vi har vore gjennom. Når vi no vel å selje til AquaShip, er det fordi vi er heilt trygge på at det blir «business as usual». Vi har forsikra oss om at kjøpar vil stå for kontinuitet av våre kjerneverdiar, som er tryggleik, kvalitet og miljø. Artic har eit fantastisk mannskap som vi har bygd selskapet saman med, og dette er ei god løysing for alle involverte partar, seier Vilnes.

Vilnes vil via sitt skipsbyggingsselskap, fortsette sitt arbeid med utvikling og bygging av nye, innovative og rimelege fartøykonsept innan havbruksnæringa.

Artikkeltags