Han er tilsett som ny avdelingsdirektør i Lotteritilsynet

NY DIREKTØR: Henrik Nordal fekk stillinga som direktør for Lotteritilsynet.

NY DIREKTØR: Henrik Nordal fekk stillinga som direktør for Lotteritilsynet. Foto:

FØRDE: Det var hard konkurranse om stillinga, men Henrik Nordal (39) fekk jobben.

DEL

– Eg ser fram til å ta fatt på oppgåva som ny avdelingsdirektør og er svært motivert for å utvikle tilsynet vidare i lag med dyktige og kompetente tilsette, seier Nordal i ei pressemelding.

Han blir øvste leiar for Lotteritilsynet, som er ein av dei to fagtilsyna i Lotteri- og stiftelsestilsynet i Førde. Bjørn Øen er fungerande direktør for Lotteritilsynet.

– I konkurranse med sterke kandidatar er det gledeleg at det er ein av våre tilsette som utmerka seg som best kvalifisert for stillinga, seier Øen.

Henrik Nordal kjem frå Molde, men bur i Førde med kone og to born. Han har jobba i Lotteritilsynet sidan 2015.

Av utdanning har han mastergrad i freds- og konfliktstudie, og han har jobberfaring frå både Utanriksdepartementet, Etterretningstenesta og den nasjonale kampfiksingseininga i Lotteritilsynet.

Nordal begynner i stillinga den 1. mai.

Artikkeltags