Amfi Førde skiftar namn til Alti: – Kjempetøft, seier senterleiaren

NYTT NAMN: Amfi-sentra i Førde og på Nordfjordeid vil i framtida heite Alti. Senterleiar ved Amfi Førde, Mariann Njøsen, er nøgd med det nye namnet. Leiinga i det nye senterkonsernet Alti var på besøk i Førde for kort tid sidan. F.v. Lars Ove Løseth (styreleiar i LL Drift AS), Else Andersen (utleigedirektør i LL Drift AS), Mariann Njøsen (senterleiar i Førde), Ida Berqvam (styremedlem i Handelshuset AS) og Lars Løseth (styreleiar i LL Holding AS).

NYTT NAMN: Amfi-sentra i Førde og på Nordfjordeid vil i framtida heite Alti. Senterleiar ved Amfi Førde, Mariann Njøsen, er nøgd med det nye namnet. Leiinga i det nye senterkonsernet Alti var på besøk i Førde for kort tid sidan. F.v. Lars Ove Løseth (styreleiar i LL Drift AS), Else Andersen (utleigedirektør i LL Drift AS), Mariann Njøsen (senterleiar i Førde), Ida Berqvam (styremedlem i Handelshuset AS) og Lars Løseth (styreleiar i LL Holding AS). Foto:

Amfi-sentra i Førde og på Nordfjordeid vil i framtida heite Alti.

DEL

Namnet vart kunngjort på ei stor markering i Arendal måndag kveld.

– Eg smatta litt på namnet ei lita stund, men så forstod eg at det var kjempetøft. Alle snakkar jo om alltid. Overalt hos alle i heile Norge går dette ordet igjen, seier senterleiar ved Amfi Førde, Mariann Njøsen, i ei pressemelding:

Det var Alex Rosén som kunngjorde det nye namnet under tilstellinga måndag kveld.

Njøsen fortel til Firda at namnetskiftet mest truleg vil vere synleg for senterkundane til hausten.

Alti blir ei av dei største kjøpesenterkjedene i Norge, med totalt 18 senter frå Mandal i sør til Svolvær i nord. Totalomsettinga i 2018 var på om lag 8,6 milliardar kroner.

Stort konsern

Dagleg leiar og medeigar i Alti-kjeda, Lars Ove Løseth, seier følgande om det nye namnet i pressemeldinga:

– Det nye namnet spelar på at vi alltid skal ha kunden i fokus, samstundes som vi vil få fram at kjøpesentera våre skal ha «alt i» seg. Det vil seie at det er ikkje lenger berre varehandel, men mykje meir enn det.

Det var i februar at det vart kjent at Amfi Førde vart teken over av LL Holding, då Olav Thon selde sin eigardel på 50 prosent til det nye selskapet. Dette skjedde samstundes med at LL Holding kjøpte opp fleire større handelssenter. Styreleiar i LL Holding AS, Lars Løseth, var i si tid den som grunnla Amfi-kjeda, som seinare vart oppkjøpt av Olav Thon.

På tysdag opplyser Njøsen at LL Drift AS skiftar namn til ALTI forvaltning.

Skil lag

I tillegg til Førde, blir handelssenteret på Eid ein del av den nye Alti-kjeda. Derimot vil både Florø og Sogndal halde fram i Amfi-kjeda. Førebels er det 15 handelssenter som går inn i det nye Alti-kjeda, medan tre førebels held på sitt opphavleg namn.

Artikkeltags