Stakk stolen båtmotor i handlevogn og sprang

FØRDE: Då mannen såg to karar med ein båtmotor oppi ei handlevogn midt på natta i sentrum, fatta han mistanke.

DEL

Klokka 04.30 natt til fredag fekk politiet ei noko spesiell melding frå ein privatperson ved Førde Helsetun i Førde sentrum.

– Meldaren hadde sett to menn kome trillande med ein båtmotor i ei handlevogn, noko han reagerte på, seier operasjonsleiar Per Algrøy i Vest politidistrikt.

Meldaren gjekk ut og såg etter dei to forbipasserande karane, og såg at dei sprang bortover gata. Han gjekk etter dei og fann etter kvart handlevogna med motoren oppi, men karane var vekke.

Men dei to mennene som truleg trudde dei hadde sloppe unna, fekk politiet på nakken:

– Vi fann ganske raskt ein person i nærleiken som passa greitt til skildringa av den mistenkte, og like etterpå fann vi den andre. Dei er arresterte og mistenkte for tjuveriet.

Den eine mannen er i slutten av 30- åra og den andre er i 50- åra.

Båtmotoren blei teken frå eit garasjeanlegg ved Sunnfjord Hotell. Algrøy har ikkje informasjon om kva type båtmotor dette var.

Artikkeltags