Går for første gong

KLARE: Hunden Loki såg ut til å vere veldig klar for sin første tur opp Hafstadkleiva.

KLARE: Hunden Loki såg ut til å vere veldig klar for sin første tur opp Hafstadkleiva. Foto:

Artikkelen er over 3 år gammel

FØRDE: Loki (1 1/2) og Sveinn var blant dei aller første på startstreken.

DEL

– Eg har aldri vore i Førde før, seier Sveinn Runar Traustason og idet Firda treff han på Rådhusplassen.

Islendingen er landskapsarkitekt ved Høgskulen i Sogn og Fjordane, og saman med hunden Loki gler han seg til turen opp Hafstadkleiva.

– Dette blir bra, seier han før dei legg i veg.

Morgonfriske løparar

Klokka 09.00 var det start for mosjonsklassen, og dei frivillige såg ut til å ha nok å gjere på. Både unge og vaksne strøymde til for å hente startnummera sine.

Sjå alle bilda frå Førde Opp!

Ein gjeng frå langrennsgruppa til Førde IL har ansvar for å registrere og ta tid på både løparar i mosjons- og konkurranseklassen.

– Eg var på plass klokka åtte for å rigge litt til og no kjem det stadig fleire og fleire deltakarar, seier Bjørn Kristian Sunde.

Færre påmelde

I konkurranseklassen var det 53 førehandspåmelde, men Sunde fortel at det i løpet av morgonen har kome fleire til.

– Dette er eit litt lågare tal enn i fjor, men det vil kome fleire. Erfaringsmessig har vi sett at mange sit litt på gjerdet og vurderer, så bestemmer dei seg endeleg når dei ser deltakarlista. Ein kan kalle det for ei lurepåmelding, seier han.

GLADE FRIVILLIGE: Bjørn Kristian Sunde, Magne Frøholm, Jill Juvik, Grethe Husevåg Strømmen og Kristin Burø frå langrennsgruppa til Førde IL.

GLADE FRIVILLIGE: Bjørn Kristian Sunde, Magne Frøholm, Jill Juvik, Grethe Husevåg Strømmen og Kristin Burø frå langrennsgruppa til Førde IL. Foto:

Søndag er det Eggenipa opp, men dei frivillige frå Førde IL langrenn trur ikkje det hindrar folk til å stille på dagens motbakkeløp.

– Det er litt skilnad på desse løpa. Eggenipa er bratt og smal. Førde Opp appellerer kanskje til fleire. Filosofien her er at det skal vere eit arrangement for alle. At skuleklassar og heile familiar deltek er veldig kjekt. Og det er slik filosofien bør vere, seier Sunde.

Les også: Eggenipa blir avlyst

Artikkeltags