Etterlid hadde tidlegare høyrt om folk som brukte moskusender til å bli kvitt brunsniglar, men hadde ikkje vurdert det sjølv, før ho såg nokon annonsere for kyllingar til 150 kroner stykke på ei kjøp og sal-gruppe på Facebook.

– Då eg såg det tenkte eg med ein gong: Dette skal eg ha!

Ho kjøpte inn ein sekk oppdrettsfôr for høns og lagde ein liten andedam i hagen til dei. I gjengjeld fekk ho ein snigelfri hage.

LES OGSÅ: Sniglane som tek over

Snigleinvasjon

Før endene kom og rydda, var hagen invadert av sniglar.

– Dei brukte å ligge i klasar på 20-30 stykker, fortel ho.

Slike var det mange av, og kvar kveld gjekk ho rundt i hagen og plukka fleire hundre sniglar. Då brukte ho salt til å ta knekken på dei.

– Eg sleit så pass mykje med sneglane at eg tok kontakt med kommunen. Dei gjorde ingenting.

Når ho no skal demonstrere for oss korleis endene snappar til seg sniglane må ho leite ei stund. Langt inne i eit blomsterbed finn ho ein liten ein, og held den fram for endene. Det er første mann til mølla, og snigelen er borte før ein veit ordet av det.

Spesielle kjæledyr

– Då endene var små og gule, brukte dei å ligge på verandaen, og der vil dei gjerne ligge no også. Dei er nokre ordentlege koseender, seier Aud Jorun og stryk ei av endene over fjørne.

Sjølv om endene no er store, er dei framleis like glad i kos, og på same måten som ein kjælen katt stryk dei seg oppover føttene på deg.

Ryddar i nabolaget

Endene et alt dei kjem over av insekt. Nokre gongar stjel dei også litt jordbær. Og når Aud Jorun sin hage er tom flaksar dei gjerne vidare bort til naboen.

Naboane har sidan starten teke godt imot dei ubedne gjestane. – Eg var litt nervøs for kva folk ville meine om dei i byrjinga, men det har gått heilt fint. Fleire av naboane har også tinga på å få låne dei.

– Eg kan anbefale moskusender til dei som toler å ha litt skit i hagen, seier ho lattermildt. - Skiten er i alle fall betre enn sniglane!