– Dette gjekk knakande bra, seier ein hås Samson Wie, som er trenar for Mo og Øyrane sitt lag «Øyrane Eagles».
Etter ein intens sisteomgang stakk dei av med sigeren mot «Hafstad Bears» under årets Rockne Bowl i Førdehuset laurdag kveld. Stillinga blei jamne 12–11 til vinnarane.
Rockne Bowl er eit årleg arrangement av organisasjonen Rein Rus, der Hafstad og Mo og Øyrane vidaregåande skule kjempar i sporten Arena Touchdown, som er ein modifisert versjon av amerikansk fotball.
Jamnt spenningsdrama
Det blir spelt fire omgangar på ti minutt i Arena Touchdown-sporten. Gjennom heile kampen var det relativt jamt, og dei to skulelaga bytta på å ta leiinga. Byrjinga var prega av spente spelarar, så litt fomling med ballen var å sjå på begge laga.
– Spelet vårt var prega av mykje rot i starten. Det var mykje temperatur i gutane, så dei klarte ikkje halde hovudet kaldt. Då skjer det feil. Men så kom det seg veldig framover, seier Samson om spelet til Mo og Øyrane.
Det var mykje godt spel ute og gjekk på slutten av kampen, med stødige ballmottak og harde taklingar på begge lag.
Mot slutten av kampen nådde spenninga eit klimaks då stillinga viste 12-11 til Mo og Øyrane og det var få sekund igjen av tida.
Då timeren til slutt peip at kampen var over, strømma Mo og Øyrane-fansen ut på bana med eit kollektivt gledesbrøl.
Laus og ledig Leo Ajkic
I pausane mellom omgangane var det underhaldningsinnslag som mellom anna songnummer frå Florø-songaren Alice Hugøy, dans av gruppa Spartance Crew, innslag frå gruppa Penari med ein fengselsinspirert dans og tautrekking mellom Hafstad og Mo og Øyrane sine heiagjengar.
Leo Ajkic var konferansier og sørga for mykje latter og stemning i salen, der rundt 1000 tilskodarar hadde møtt opp. Ajkic var laus og ledig, og lira av seg mykje rart på sparket, slik han pleier.
Både Hafstad og Mo og Øyrane hadde heiagjengar av begge kjønn. Jentene var kledd i kjent amerikansk cheerleader-stil, medan gutane var ikledd drakta til laget sitt og hoia og brølte til stemninga stod i taket.