Fekk Mari (11) rekord i demokrati?

VART HØYRT: Mari Grønli (11) skreiv brev til ordføraren med bøn om at Førde kommune forbyr heliumsballongar på 17.mai, fordi dei forsøplar naturen og brukar opp verdifullt helium. Onsdag vart ho høyrt.

VART HØYRT: Mari Grønli (11) skreiv brev til ordføraren med bøn om at Førde kommune forbyr heliumsballongar på 17.mai, fordi dei forsøplar naturen og brukar opp verdifullt helium. Onsdag vart ho høyrt. Foto:

Artikkelen er over 1 år gammel

FØRDE: Mari Grønli har fått mange positive tilbakemeldingar etter at ho fekk bystyret til å vedta plastforbod på rekordtid.

DEL

11 år gamle Mari Grønli har kanskje rekord i å få politiske saker på agendaen i Førde.

Måndag gjekk ho ut i Firda og bad om at Førde kommune skulle vedta forbod mot heliumballongar. Onsdag kom saka opp i bystyret, og vart vedteken. I alle fall på kommunal grunn, vert det frå no av ikkje gjeve fleire løyve til sal av slike ballongar.

Glad for at kommunen tok tak

– Eg er veldig glad for at det vart ei så stor sak, og at dei brydde seg og tok tak, seier Grønli.

Ho seier ho vart litt usikker på om dei kom til å høyre på ho.

– Både besteforeldre og venner har teke kontakt med meg etter det stod i avisa. Dei seier eg er tøff som torer å seie det eg meiner, seier Grønli.

Grønli meiner det neste Førde bør gjere er å innføre sortering av plasten i bosset, og prøve å unngå for mykje plast rundt maten.

Erfaring i demokrati

11-åringen har ikkje lært om demokrati på skulen enno, men no har ho i alle fått førstehands erfaring i korleis det fungerer i praksis.

– Symbolet i dette er at det er absolutt verd å uttrykke si meining, seier Hege Helgås, mor til Mari.

Artikkeltags