Etter 10 år gir Ronny (32) seg i P3-morgen

GIR SEG: Ronny Brede Aase gir seg i P3-morgen.

GIR SEG: Ronny Brede Aase gir seg i P3-morgen. Foto:

Trekløveret Silje Nordnes, Ronny Brede Aase og Markus Neby har bestemt seg for å gi seg med «P3morgen».

DEL

Det melder NRK.

20. desember er skal gjengen ha si siste sending. Då har Ronny Brede Aase frå Førde sete 10 år i programleiarstolen. Silje Nordnes var utegåande reporter i mange år før ho vart programleiar. Det same var Markus Neby.

– Det er ei tid for alt. Vi er veldig takknemlege for alle dei åra Ronny, Silje og Markus har stått opp saman med folk i inn- og utland og gitt oss ein varm og morosam start på dagen. Heldigvis er det framleis nokre månadar igjen, seier Mats Borch Bugge, redaksjonsleiar for radio og podkast i NRK P3 Oslo.

NRK jobbar med å utvikle eit nytt morgonkonsept. Dagens trio skal halde fram i NRK, men då i andre prosjekt.

Ronny seier at åra i P3-morgen har vore like stas og moro kvar einaste morgon.

– Det har vore ei udelt ære å få leie morgonen på P3. Noko eg på førehand ikkje ein gong torde å drøyme om å få oppleve. No er det på tide at nokre andre får kjenne på den fantastiske følelsen av å vekke det unge Norge kvar einaste dag, seier han til NRK.

Artikkeltags