Slik er opningstidene for Vinmonopolet og ølsalet i påska

PÅSKA: Polet er ope til klokka 15.00 på påskeaftan.

PÅSKA: Polet er ope til klokka 15.00 på påskeaftan. Foto:

Av

Lurer du på når du får kjøpt vin og øl i påska? Her får du oversikta.

DEL

[Nettavisen]: Allereie i 2014 gav regjeringa løyve til at polutsala kan ha ope på valdagar, pinseaftan, påskeaftan og nyttårsaftan. Påskeaftan har polet likevel hatt stengde dører grunna tariffesta fridagar, men frå 2017 gjaldt ein ny avtale.

Stenger 15.00 på påskeaftan

Det betyr at du får ei luke midt i påska til å etterfylle om godsakene tar slutt skjærtorsdag eller langfredag: Polet held ope mellom klokka 10.00 og 15.00 påskeaftan.

Ifølge Vinmonopolet er det lokale variasjonar. I Førde, Høyanger, Sandane, Askvoll, Florø og Sogndal er polet ope frå 10.00-15.00 påskeaftan. Du kan sjekke ditt lokale polutsal hos Vinmonopolet.

Skal du gjere innkjøpa onsdag, må du vere obs på at alle utsal stenger seinast klokka 15.00, nokre allereie klokka 14.00. Pola i Førde, Høyanger, Sandane, Askvoll, Florø og Sogndal har alle ope til klokka 15 onsdag før Skjærtorsdag.

Som før er polutsala stengt skjærtorsdag, langfredag, 1. påskedag og 2. påskedag.

Ølsal i påska

Sal av alkoholhaldig drikk opptil 4,7 prosent kan som hovudregel skje frå kl. 08.00 til kl. 18.00. På dagane før søndagar og heilagdagar skal salet som hovudregel ta slutt kl. 15.00.

Dei enkelte kommunane kan likevel innskrenke eller utvide dette til kl. 20.00 på kvardagar og til kl. 18.00 på laurdagar og dagar før heilagdagar.

Det betyr at sal av alkohol i butikken på onsdag før skjærtorsdag etter lovas hovudregel kan skje fram til 15.00, men maksimalt fram til klokka 18.00.

I Førde stenger ølutsalet klokka 16.00 onsdag før skjærtorsdag. Påskeaftan (laurdag) stenger ølutsalet klokka 15.00. Det opplyser Førde kommune på sine heimesider.

Artikkeltags