Signes raspeballar kåra til Norges beste

Signe Nydal stakk av med sigeren i kampen om å lage Norges beste raspeballar.

Signe Nydal stakk av med sigeren i kampen om å lage Norges beste raspeballar. Foto:

Artikkelen er over 4 år gammel

Signe Nydal gjekk til topps med si oppskrift under torsdagens episode av Matkontrollen.

DEL

– Det var veldig kjekt å komme i mål, seier Signe Nydal.

Torsdag kjempa Signe om å lage landets besteraspeballar i beste sendetid på TV2. Matkontrollen har det siste året reist Norge på kryss og tvers for å finne den staden som kan lage den mest smakfulle retten.

Les også:  500.000 raspeballar i året

Flaug til Oslo med raspeballar i bagasjen

Torsdag kunne sjåarane følge Signes matlaging medan ho blanda saman raspa poteter, byggmjøl, kveitemjøl og noko ekstra som ho ikkje ville avsløre.

– TV-kokken Daniel sa at desse raspeballane kunne eg umogleg ha hatt med seg i kofferten frå Førde, men det hadde eg altså, seier Nydal.

Kombinasjonen av raspeballar og pinnekjøtt sikra Signe sigeren.

Kombinasjonen av raspeballar og pinnekjøtt sikra Signe sigeren. Foto:

Ho reiste til Oslo for å syne fram kva ho er god på, ikkje for å konkurrere.

– Dei skal eg lagast på mitt eige kjøkkenet. Eg ringde til flyselskapet for å høyre om det var greitt at eg tok med meg raspeballar på flyet. Det var det, seier ho.

I juryen sat raspeballentusiastane forfattar og bloggar Gunda Djupvik, forfattar og journalist Kjartan Brügger Bjånesøy og kjendiskokk Daniél Rougé Madsen.

Sat halvnervøs og venta

Etter at juryen hadde smakt på dei tre rettane frå Kristiansand, Bergen og Førde, var det to variantar som skilte seg klart ut. Wesselstuen i Bergen og Signes Raspekaker.

– Sjølv om eg viste resultatet, sat eg framfor TV-skjermen og var halvnervøs.

Begge dei to rettane fekk terningkast 5, men etter mykje diskutering trakk Signes raspeballar det lengste strået.

Signe Nydal under innspelinga saman med sonen Glenn Nydal Elisassen og programleiar Solveig Barstad.

Signe Nydal under innspelinga saman med sonen Glenn Nydal Elisassen og programleiar Solveig Barstad. Foto:

– Det var heilt fantastisk. Eg gir meg sjølv terningkast seks, seier ho.

I løpet av kvelden rann det inn med gratulasjonar på telefonen til Signe.

– Minnebrikka mi er full. No sit eg å feirar med søstera mi og resten av familien. Seinare i dag vert det ein tur på kafeen for å drikke kaffi og ete kake, seier ho.

Og meldingane har berre vore av det positive slaget. «Dette fortener du», «Pluss for Førde» og «No er det berre glede» er nokre av SMS-ane ho har fått i løpet av natta.

Flott for Førde

Skilt og emballasje med etiketten «Norges beste raspeballar» er allereie bestilt. Om ikkje lenge vert alle varene til Signe pryda med denne skrifta.

– No skal eg køyre rundt i Førde sentrum med Norges beste raspeballar. Eg trur det betyr veldig mykje for kunden å ha det stempelet på maten, seier Nydal.

Ho er veldig takksam for tilbakemeldingane og vil rette ei spesiell takk til sine faste kundar.

– Alle eg har levert til har eg eit godt hjarte til, avsluttar ho.

Artikkeltags