Alle pasientane på Lærdal sjukehus må flyttast til Førde

MÅ FLYTTAST HERIFRÅ: Lærdal sjukehus har ustabil straum, og pasientar blir difor flytta til Førde sentralsjukehus.

MÅ FLYTTAST HERIFRÅ: Lærdal sjukehus har ustabil straum, og pasientar blir difor flytta til Førde sentralsjukehus. Foto:

Artikkelen er over 1 år gammel

HELSE FØRDE: Ustabil straum på sjukehuset i Lærdal. Inneverande pasienta blir flytta til Førde.

DEL

– Den ustabile straumforsyninga har ikkje ført til alvorlege hendingar. Vi har sett i verk nødvendige tiltak for å sikre god beredskap, seier beredskapssjef Terje Olav Øen i ei pressemelding frå Helse Førde.

Ei omkompling av straumkursar måndag kveld og natt har gjort straumforsyninga ustabil på sjukehuset i Lærdal, står det i pressemeldinga. Mellom anna står begge heisane ved sjukehuset i ro.

Full inntaksstopp

Det er difor innført full inntaksstopp i Lærdal, og gjennom natta har pasientar som normalt skulle til sjukehuset i Sogn blitt omdirigerte til Førde sentralsjukehus.

– For å vere på den sikre sida har vi i dag avgjort å flytte inneliggande pasientar frå Lærdal til Førde. AMK og ambulansetenesta planlegg overføringa av pasientane, seier Øen i pressemeldinga.

Helse Førde presiserer at poliklinisk aktivitet går som normalt i Lærdal. Pasientar som har time til poliklinikk skal komme som normalt.

Det er for tida åtte pasientar inneliggande på medisinsk seksjon. I tillegg er det to pasientar i den kommunale akutte døgneininga (KAD), skriv Helse Førde. Ein pasient har overnatta på legevaktstasjonen.

Forsynt via reservekraft

Arbeidet med å legge om hovudstraumstavla starta måndag kveld og skal etter planen vere avslutta onsdag kveld. Sjukehuset blir forsynt via reservekraft mellombels.

Fire aggregat skal sikre straumforsyninga. Det var varsla at innkoplinga av aggregata ville gje bortfall av straum i kortare periodar, men det var ikkje venta at vanskane skulle bli så store. Legevaktene i området har vore informerte om arbeidet, skriv Helse Førde.

Lærdal sjukehus har vore i grøn beredskap sidan arbeidet tok til måndag kveld. Det er etablert lokal beredskapsleiing som har følger situasjonen.

Artikkeltags