Her stod sauene bom fast

SKÅRFAST: God utsikt, men lite mat for sauene på denne fjellhylla på Viefjellet. Fredag fekk dei hjelp til å komme seg ned.

SKÅRFAST: God utsikt, men lite mat for sauene på denne fjellhylla på Viefjellet. Fredag fekk dei hjelp til å komme seg ned. Foto:

Artikkelen er over 3 år gammel

FØRDE: Observante turgåarar tipsa sauebonden på Facebook.

DEL

– Eg heldt på med slåtten. Det var son min som såg bilda på Facebook, men eg skjønte fort kva for fjellhylle det var snakk om, seier Jan Ove Brede.

Brede bur på Viegjerdet i Førde. Denne sesongen har han 85 sauer og lam av typen spæl og gammalnorsk, og sidan 20. mai har dei vore på beite på Viefjellet.

Ikkje første gong

Torsdag kveld observerte Malene Slettehaug tre sauer som såg ut til å vere skårfast på ei fjellhylle ikkje så langt frå toppen. Ho tok bilde av dei og la det ut på ei Førde-gruppe på Facebook.

– Eg tenkte med ein gong at det sikkert var mine sauer som hadde vore så dumme og hoppa ned der, seier Brede humoristisk.

For dette er ikkje første gongen nokre av hans sauer har gått seg skårfast på denne fjellhylla.

– Eg måtte hjelpe ein anna sau for nokre år sidan, men det var berre å hoppe ned på hylla og seie at han måtte gå ned att, fortel han.

Nesten tom for mat

Det var ikkje stort meir Brede trengde å gjere denne gongen heller.

– Eg gjekk opp til dei på fredag, men då hadde dei gøymt seg under ein kant og var ikkje så godt synlege. Graset på knausen var godt oppete. Truleg hadde dei vore der nokre dagar, fortel han.

Etter eit par beskjedar hoppa dei tre sauene til slutt ned frå fjellhylla.

– Trur du at dei hadde hoppa ned sjølv når det vart tomt for mat?

– Nja. Ein veit aldri kor dum ein sau kan vere, seier han og ler.

Artikkeltags