Thea er Spellemann-nominert som årets låtskrivar

DOBBELT NOMINERT: Thea Hjelmeland sitt namn dukkar opp to gonger i nominasjonane til Årets Spellemann 2018.

DOBBELT NOMINERT: Thea Hjelmeland sitt namn dukkar opp to gonger i nominasjonane til Årets Spellemann 2018. Foto:

FØRDE: Thea Hjelmeland er nominert til to spellemannsprisar for «Kulla».

DEL

Førde-artist Thea Hjelmeland er blitt lagt godt merke til av årets jury for Spellemannprisen, skriv Firdaposten.

Hjelmeland figurerer som nominert i to kategoriar i oversikta over dei nominerte som juryen publiserte på Grand Hotel fredag.

Albumet «Kulla», som kom ut 28. september i fjor, er nominert som årets plate i klassen alternativ/indie. I tillegg er Hjelmeland nominert til den høgthengande prisen «Årets låtskrivar».

I siste kategori skal ho konkurrere mot blant andre Ina Wroldsen, som i mange år har hatt stor internasjonal suksess som låtskrivar for verdsstjerner som Demi Lovato, One Direction og Britney Spears.

Elles er ingen andre artistar frå vårt fylke nominert i år for eigne, frittståande utgjevingar. Mange hadde venta at folkjazzartist Karl Seglem frå Årdalstangen skulle nå opp med den internasjonalt kritikarroste plata «Nunatak», men han er ikkje å sjå blant dei nominerte. Stryningen Arve Henriksen er nominert i fellesskap med Eivind Aarset, Jan Bang og Jez Riley French til Togo sin komponistpris, for verket «The Height Of The Reeds».

Oversikta over alle nominerte artistar og utgjevingar finn du her.

Artikkeltags