– Vi har vore danseinstruktørar ei god stund no, og det er veldig kjekt. Aspirantane som skal starte til hausten har mykje å glede seg til. Slagordet vårt er «ein plass for alle, ein gong dugar – alltid dugar», seier dansar og instruktør Thea Aamot (18).

180 dansarar

Salen i Førdehuset var fullsett då Dans Uten Grenser hadde vårframsyning måndag, og på scena stod 180 barn i alderen 6 til 18 år. For aller første gong var også framsyninga utan eit bestemt tema.

For Thea Aamot og Kristine Berg (18) var dette deira femte oppsetjing som instruktør. Prinsippet til klubben er ung til ung-formidling, som går ut på at ungdom trenar born, noko både dei noverande instruktørane og dei nye aspirantane synest er eit konsept som fungerer veldig godt.

– Det som er så fint med unge trenarar, er at dei veit kva vi likar og kva som er kult. Vaksne har ofte ein litt anna type smak, seier Sara Vik Søvde, som er aspirant til hausten.

Bildeserie

Dans uten grenser si vårforestilling

– Inga favorisering

Trass i at det er mykje å gjere, er det ikkje travelt, ifølgje instruktørane sjølv.

– Det er ikkje så veldig travelt, men mykje som må planleggjast, fortel Aamot.

Dei to jentene er klar på at dei ønskjer å vere positive rollemodellar.

– Vi er litt obs på dette, og passar på at det er ein plass til alle og inga favorisering, fortset Berg.

– Det kjekkaste er å sjå korleis elevane veks, og personlegdomen dei viser på scena. Medan det verste ville vore dersom dansegruppa di gløymde heile dansen og berre stod heilt i ro. Men det skjer aldri, seier Aamot.

– Har de nokre tips til dei nye aspirantane?

– Ver målbevisst, seriøs og forstå ansvaret dykkar, seier instruktør Berg.

Skal opp til «eksamen»

Sara Vik Søvde og Elise Myren (14) har dansa sidan dei var fire år gamle, og har klare tankar om kva som skal til for å bli gode instruktørar.

– Det er veldig viktig å ha mykje energi, ein må gi hundre prosent heile tida og ikkje bruke mobil på trening. Kleda vi har på oss, må vi også tenkje over. Elles er det viktig å vere hyggjeleg med både elevar og foreldre, fortel ung-leiarane.

Først var dei på audition, deretter remontering med proffe dansarar, og til slutt skal dei opp i ein tredelt «eksamen» som består av teori, dans åleine og dans i gruppe.

– Fleire trur kanskje at vi ikkje lærer om korleis vi handterer borna, men det gjer vi altså. Ein viktig del av opplæringa er å vite kva ein skal gjere i ulike situasjonar som leiar, seier Myren.

Følg Firda Ung på Facebook og på Snapchat!