No skal du få varsel i lomma når det skjer ting på Larris

NYTT PROGRAM OG NY APP: Fred Reiertsen (t.v) og Odd Erik Gullaksen håpar at den nye appen vil gjere det lettare for folk å få oversikta over kva som skjer på Larris, og når det skjer.

NYTT PROGRAM OG NY APP: Fred Reiertsen (t.v) og Odd Erik Gullaksen håpar at den nye appen vil gjere det lettare for folk å få oversikta over kva som skjer på Larris, og når det skjer. Foto:

FØRDE: Larris Scene har sleppt vinter- og vårprogrammet sitt. Samstundes slepper dei ein heilt ny app, som skal gjere det lettare for folk å vite kva som skjer.

DEL

– Skal vi arrangere konsertar, er det ikkje hjelp i viss ikkje folk veit om dei.

Det seier event- og barmanager ved Larris Scene, Fred Reiertsen, om den nye appen «Larris Scene».

Han og hotelldirektør ved Scandic Sunnfjord hotell, Odd Erik Gullaksen, sleppte denne helga vinter- og vårprogrammet for konsertscena.

Tidlegare har dei forsøkt å synleggjere seg så godt dei kan på andre plattformer, men håpet er no at den nye lanseringa vil gjere det lettare for folk å vite kva som skjer på Larris, og når.

– Vi har lyst å vere framtidsretta, og vi såg at ein app var vegen å gå. Det er det generasjonen som skal ut på konsert i dag er vande med. Dei skal finne alt på telefonen. Då er det viktig at vi er der det kommande publikummet er, seier Reiertsen.

Appen skal innehalde konsertinfo og moglegheiter for å kjøpe billettar. I tillegg skal den kunne varsle når ein artist blir stadfesta, gjennom pushvarsel.

Reiertsen legg til at appen også vil innehalde nyttig teknisk informasjon for artistane som skal spele på Larris. Det er også eit bildegalleri og moglegheit for å booke overnatting på hotellet.

APPEN: Slik ser den nye appen ut.

APPEN: Slik ser den nye appen ut. Foto:

Rap, russelåtar og danseband

I tillegg vil sjølvsagt heile programmet vere tilgjengeleg i appen til ei kvar tid.

Vinter- og vårprogrammet inneheld eit spenn frå den kontroversielle bergensrapparen «Kamelen» og russelåt-kongen «Tix» frå Bærum, til «Raga Rockers», «Ralph Myers & The Jack Herren band» og «Ingenting». I tillegg kjem arrangement som nyttårsdans i Sunnfjordsalen med blant andre Steinar Engelbrektson.

Sjå det komplette programmet i faktaboksen nedst i saka.

Reiertsen fortel at det er viktig for dei å komme ut med eit breitt program, med artistar retta mot dei unge, samtidig som det er viktig å nå det vaksne publikummet.

– Vi skal vere ei scene for alle frå 18 til 80 år, seier Reiertsen.

Merkar Larris på inntektene

Ettersom det bur 13.000 i Førde, fortel hotelldirektør Gullaksen nettopp at å booke i ulike sjangrar er viktig. Hotelldirektøren trur at framveksten av Larris har bidrege til at det har vakse fram eit større konsertpublikum i førde. Folk som blir meir vande med å gå ut på konsertar.

Det merkast også på inntektene.

– Larris er kjempeviktig tilskot til hotellets økonomi. Både med inntekta vi gjer på fredagar og laurdagar og på konsertane, seier Gullaksen.

Han understrekar at det kostar å booke artistar, og at det er risikofylt med tanke på kva ein vil tene. Det krev ein viss økonomi.

– Men det går bra, Larris har fungert både som konsertlokale og utestad, seier Gullaksen.

– Kva ligg i «det går bra?»

– Det kan variere. Vi kan ha ein kveld med 15.000 i omsetning, vi kan også ha ein kveld med 250.000 i omsetning. Det svingar frå arrangement til arrangement.

Direktøren understrekar at hotellet også tidlegare arrangerte konsertar, men at dei fleste no er retta mot Larris scene. Samtidig legg han ikkje skjul på at hotellet no tener meir etter at Larris entra Førde-scena.

– Om vi ikkje hadde fått til det, så trur eg dei som hadde investert 50 millionar hos oss hadde syntest det var litt trist, legg han til.

Programmet

Helga 1.–2. februar: NYTTÅRSDANS i Sunnfjordsalen - Steinar Engelbrektson // Pink Six // Mona-Jill Band

Fredag 1. februar: RAGA ROCKERS

Laurdag 16. februar: SUNNFJORD VINTERFEST - Fest i 2 etasjer m/ Staysman & Lazz // ViMenn // Kokken Tor & Jævlar på Kjærleik

Fredag 1. mars: RALPH MYERZ & THE JACK HERREN BAND

Laurdag 9. mars: BJØRN BERGE ELECTRIC BAND

Fredag 15. mars: ST. PATRICK'S DAY PARTY

Laurdag 16. mars: ELTON JOHN SHOW

Fredag 22. mars: KAMELEN

Laurdag 23. mars: HUMORGALLA - Adam Schjølberg, Bjørn-Henning Ødegård & Grim Moberg.

Fredag 29. mars: TOTO TRIBUTE

Laurdag 6. april: INGENTING

Helga 12.–13. april: PALMEDANS i Sunnfjordsalen - Dænsebændet, Hilde Fjørtoft Duo & Christiania

Laurdag 13. april: STAUT

Fredag 19. april: TIX

Artikkeltags