Førde-kunstnar Maia Birkeland sin installasjon, «Kvardagsmonument», har sidan midten av mai vore utstilt utandørs på Sunnfjord Museum. Søndag morgon var installasjonen vekk.

– Dette viser stor forakt for det museet og kunstnarar driv med. Det er inga forståing for at dette har viktige funksjonar i samfunnet, meiner avdelingsdirektør på Sunnfjord Museum, Gunnhild Systad.

– Vandalisme

Installasjonen stod utanfor eldstova, og var eit tørkestativ med klede på. Det var ifølgje Systad så vidt synleg frå E39.

Installasjonen vart seinare funne på området. Kleda var stappa i ein bossekk og tørkestativet var kasta på Movatnet.

Museet har lagt ut før- og etterbilde på Facebook, og uttrykker frustrasjon i innlegget.

«Vandalisme, hærverk, tankeløyse, manglande respekt for kunst og kultur – og trist for Maia, Sunnfjord Museum og alle som har gledd seg over Kvardagsmonumentet».

– Det meste av det vi har hatt ståande ute, har i hovudsak fått stå i fred. Friluftsmuseet er tilgjengeleg heile døgnet og byggjer på gjensidig tillit mellom oss og brukarane av området, seier Systad.

Saka meld til politiet

No har dei meldt saka til politiet.

– For det første er det ikkje lov å forgripe seg på andre sine åndsverk. Det er heller ikkje lov å forgripe seg på ein annan manns eigedom, og det er ikkje lov å gjere hærverk.

– Kjem de til å montere installasjonen på ny?

– Det kan godt hende. Vi skal ikkje la oss stoppe sjølv om nokon oppfører seg slik.

Viss du har tips i saka, ber museet om at du tek kontakt anten med dei eller politiet.