Førdefestivalen nominert til europeisk festivalpris

NOMINERT: Førdefestivalen er blant dei 24 nominerte til ein europeisk festivalpris.

NOMINERT: Førdefestivalen er blant dei 24 nominerte til ein europeisk festivalpris. Foto:

– Det hadde jo vore utruleg stas om vi kunne gå til topps, seier direktør Per Idar Almås.

DEL

Førdefestivalen er blant dei 24 festivalane i Europa som kan stikke av med ein europeisk festivalpris.

Det melder Førdefestivalen i ei pressemelding.

Om lag 700 festivalar konkurrerte om å bli blant dei 24 nominerte. Det er ein internasjonal jury som skal kåre vinnaren.

I tillegg til juryen inviterer arrangørane publikum til å vere med å stemme fram sin favoritt gjennom ei publikumskåring: EFFE’s Audience Choice. 

– På lista over dei 24 festivalane er Førdefestivalen korta ned til Førde, men det er framleis oss, og vi kjem sjølvsagt til gjennom alle våre kanalar å oppmode folk om å stemme på oss. Det hadde jo vore utruleg stas om vi kunne gå til topps, seier direktør for Førdefestivalen, Per Idar Almås.

Han presenterer i år sitt aller første program som direktør for Førdefestivalen.

Artikkeltags