Sist helg hadde kystvakta kontroll i Førdefjorden.
– Vi måtte ta overraskande mange beslag, seier skipssjef på KV Tor, Jon Skålheim.
Mesteparten i Førde
I løpet av den siste veka har kystvaktskipet Tor, saman med inspektørar frå Fiskeridirektoratet, hatt fleire aksjonar mot ulovleg fiske fleire stader på Vestlandet. Men det absolutt største beslaget kom inst i Førdefjorden sist laurdag. Av totalt 90 hummar- og sjøkrepsteiner under kontrollane, vart over 70 av dei tekne opp i Førdefjorden.
– Dette var overraskande mange. Og det var stort sett berre sjøkreps-teiner på eit relativt lite geografisk område. Og det var mykje kreps i mange av dei, seier Skålheim og viser til at krepsen sjølvsagt fekk fridommen tilbake, og at teinene som vart plukka opp vart overført til politiet i Florø.
Får inn tips
– Her var det først og fremst ikkje respektert avgrensing i talet teiner, og dei var heller ikkje godt nok merka, seier Skålheim og viser til kystvakta får mange tips frå både yrkesfiskarar og fritidsfiskarar på at det går føre seg ein del ulovleg aktivitet rundt omkring.
– Når vi tek beslag i såpass store mengder som dette, så ligg det truleg håp om økonomisk vinst i å omsette sjøkrepsen. Kiloprisen skal visstnok vere bra, og det er kanskje grunnen til at nokre tek sjansen på å utfordre regelverket, seier Skålheim.
Over til politiet
I Førdefjorden vart det nesten berre teke beslag i sjøkreps-teiner, men skipssjef Skålheim på KV Tor seier dei også kjem over hummarteiner medan hummaren er freda.
– Det er altfor mange som ikkje held seg til fiskereglane. Det vert fiska med altfor mykje reiskap, og det vert også fiska utanfor dei lovlege tidene for fiske, seier Skålheim og håpar at den siste aksjonen kan føre til at politiet kan finne fram til syndarane.
– Men dette er ein vanskeleg jobb då teinene sjeldan er merkte, og difor nesten umogleg å spore opp. Men vi får inn mange tips frå andre fiskarar, og håpar difor at politiet no får gjennomslag, seier han.
Fleire kontrollar
Kystvaktskipet Tor har aksjonsområde frå Stadt i nord til Egersund i sør, og er indre kystvakt.
– Og vi kjem til å ha mange kontrollar i tida framover. For det ser ikkje ut til at problemet med ulovleg fiske vert mindre, seier Skålheim.