Ein mann i slutten av tenåra vart i januar dømt for å ha barneporno på si private datamaskin.
Dette går fram av ein dom frå Fjordane tingrett.
I mars 2015 hadde han 20 bilde og 61 filmar med barnepornografisk innhald. Jentene i bilda/filmane var i hovudsak mellom fem og åtte år gamle, men det var også born nede mot eitt-årsalderen.
Filmane varte tilsaman i 4 timar og 11 minutt, og synte i dei verste tilfella grove seksuelle overgrep mot borna.
Mannen heldt hovudforklaringa si frå 1. til 3. mars 2016 i Førde. Han erkjente seg sjølv skuldig.
Trudde identiteten var skjult
Han forklarer sjølv at han hadde lest at nettlesaren «TOR» (The onion router) var ein sikker måte å vere på internett utan å avsløre identiteten sin. Denne nettlesaren er nettopp laga for å beskytte brukarane sin reelle identitet. I tillegg til å anonymisere brukaren, gir nettlesaren tilgang til internettsider som andre nettlesarar ikkje har tilgang til.
I forklaringa si for retten sa den den dømte mannen at han heile sitt liv hadde vore redd for pedofile, og at han har førestillingar om at han sjølv har vore utsett for seksuelle overgrep som barn. Han meiner sjølv han har blitt styrt av tvangshandlingar. Dette har han også fått fagleg støtte av frå sine behandlarar i Psykisk helsevern for born og unge.
I dommen vart det lagt vekt på at guten var under 18 år i gjerningsperioden, og at hans sjukdomsbilde har vore ei medverkande årsak til handlinga.
Straffa blei fastsett til fengsel på vilkår i 120 dagar, på det vilkåret at han gjennomfører ei ungdomsoppfølging i konfliktrådet. Dette vil seie at han ikkje treng å sone fengselstraffa, dersom han gjennomfører oppfølginga og held seg unna straffbare handlingar i to år.