Odin snuste seg fram og fann narkotika utandørs. Ein mann er sikta i saka

POLITIHUND: Odin snuste seg fram til narkotika i Sogndal torsdag. Ein mann er sikta i saka.

POLITIHUND: Odin snuste seg fram til narkotika i Sogndal torsdag. Ein mann er sikta i saka. Foto:

Artikkelen er over 1 år gammel

Narkotikahunden Odin frå Førde slo til i Sogndal.

DEL

Odin snuste seg fram til 200 gram hasjisj i Sogndal 14. februar.

Det skriv lensmann i Sogn Inger Lill Lanes, i ei pressemelding.

Hunden vart henta etter mistanke om at ein person busett i Sogndal oppbevarte narkotika. Derfor gjennomførte politiet ei ransaking heime hos han.

Inne i bustaden fann dei ikkje narkotika, men Odin fann 200 gram hasjisj gøymt utandørs, om lag 100 meter frå bustaden.

Den sikta nektar for å ha noko med narkotikaen å gjere. Beslaget vil framover bli undersøkt for eventuelle spor, som DNA og fingeravtrykk. Det er oppretta sak på forholdet.

Lanes skriv i pressemeldinga at dette er all informasjon dei kan gje i saka så langt.

Artikkeltags