Mann i 20-åra braut seg inn i leilegheit i Førde

Då mannen kom inn slo huseigaren til.

DEL

I totida natt til laurdag braut ein mann seg inn i ei leilegheit på Kletten i Førde.

– Han har brote seg inn gjennom eit opent vindauge, seier operasjonsleiar Morten Rebnord.

Rebnord fortel at leilegheita tilhøyrde ein anna mann som også er i 20-åra. Huseigar ringde sjølv til politiet, då han var til stades under innbrotet.

– Huseigaren slår til inntrengaren då han kom seg inn. Han blei rett og slett jaga på dør, seier Rebnord.

Ifølge Rebnord skal ein konflikt mellom partane vere grunnen til innbrotet, men han kjenner ikkje til bakgrunnen til konflikten. Personen blir meldt til politiet.


Artikkeltags