Kvinne køyrde på bil og stakk av – no treng politiet hjelp frå publikum

TRENG TIPS: Joachim Malterud, politioverbetjent ved
Førde og Naustdal lensmannskontor, treng hjelp frå publikum. Torsdag føremiddag køyrde ei kvinne på ein parkert bil og stakk frå staden.

TRENG TIPS: Joachim Malterud, politioverbetjent ved Førde og Naustdal lensmannskontor, treng hjelp frå publikum. Torsdag føremiddag køyrde ei kvinne på ein parkert bil og stakk frå staden. Foto:

Politiet etterlyser ei kvinne som torsdag køyrde på ein bil og stakk av i Førde sentrum.

DEL

– Kvinna som køyrde på må ha merka at ho trefte noko, seier Joachim Malterud, politioverbetjent ved Førde og Naustdal lensmannskontor.

Hendinga skjedde torsdag føremiddag rundt klokka 10.00 ved parkeringsplassen mellom Amfi Førde og Venezia. Bilen som vart påkøyrd var splitter ny fortel Malterud.

– Det var ein 14 dagar gammal mørk Skoda, som stod parkert ved grusdelen av parkeringsplassen, som vart påkøyrd. Det er snakk om store skader på bilen, seier Malterud, og legg til:

– Dette er straffbart.

Politiet har sett hendinga på overvakingskamera. Bilen som har stukke av frå staden er ein lys/beige Golf stasjonsvogn. Ut ifrå videoen kan politiet stadfeste at sjåføren var ei litt eldre kvinne som dei no ønsker å komme i kontakt med.

– På videoen ser vi at den parkerte bilen gynga. Vi trur også at den andre bilen har store skadar, spesielt på høgre side, seier han.

Politiet ønsker no tips frå publikum som kanskje har sett noko.

– Då er det berre å ta kontakt med politiet. Og om vedkommande sjølv ser dette oppfordrar vi også ho til å ta kontakt, også tar vi det der ifrå, seier Malterud.

Veit du noko? Ta kontakt med politiet på 02800.

Artikkeltags