Synne starta si eiga innsamling på Facebook – fått inn over 1000 kroner dagen

HAR SAMLA NÆR 9000: Synne Gamborg (17) har fått eit nært forhold til Kreftforeningen, og starta eiga innsamling i høve 18-årsdagen sin. Ho går i andreklasse på Mo og Øyrane vidaregåande skule i Førde.

HAR SAMLA NÆR 9000: Synne Gamborg (17) har fått eit nært forhold til Kreftforeningen, og starta eiga innsamling i høve 18-årsdagen sin. Ho går i andreklasse på Mo og Øyrane vidaregåande skule i Førde. Foto:

JØLSTER: Synne Gamborg (17) frå Vassenden har samla inn nær 9000 kroner til Kreftforeningen på under ei veke.

DEL

– Det er den finaste bursdagsgåva eg kan få, seier Gamborg.

Måndag blir ho 18 år, men ho vil rette all merksemd vekk frå seg og over på Kreftforeningen.

Trist haust

I fjor haust mista ho farfaren, tanta og ei venninne til kreft. Gamborg og familien hennar kom tett inn på Kreftforeningen, og fekk opp auga for innsatsen deira.

– Eg har lært mykje om arbeidet dei driv med. Og for å drive kreftforsking, treng dei ein del pengar. Eg tenkte at viss eg kan nytte 18-årsdagen min til å hjelpe dei, så var det den finaste gåva eg kunne få, seier Gamborg.

Ho starta sin eigen innsamlingsaksjon på Facebook. Funksjonen blei for fullt rulla ut i fjor, og lar deg sette eit innsamlingsmål og gjer det lett å donere. Gamborg sette først eit mål på 2000 kroner. Etter 15 minutt var denne summen nesten samla inn.

Då ringde kjærasten hennar og sa at ho måtte heve målet. Ho sette det til 10.000 kroner.

– På under ei veke har eg fått inn over 8500 kroner, seier ho nøgd.

– Overvelda

Dei største donasjonane har komme frå folk som var nære dei Gamborg mista eller andre som har mista nokon, seier ho. Men det har også rulla inn donasjonar frå folk ho knapt kjenner.

Gamborg tenkte først at berre godt vaksne kom til å donere, men personar i alle aldrar har bidratt.

– Det er så kjekt å sjå at folk bryr seg. Eg er heilt overvelda og frykteleg glad for det. Både folk på min alder og foreldra min sine alder har donert. No håpar eg pengane blir brukt nyttig, seier ho.

Innsamlinga hennar varer til 22. februar.

– Eg håpar folk blir flinkare til å støtte Kreftforeningen og slike organisasjonar, utan at det må ei Facebook-innsamling til. Plutseleg er det du eller nokon av dine nærmaste som blir sjuke. Då er Kreftforeningen gull å ha, seier ho.

Kreftforeningen: – Audmjuke

Distriktssjef Geir Vangsnes i Kreftforeningen seier at dei er imponerte over Gamborg sitt initiativ og engasjement. Han seier dei er glade og audmjuke for tilliten.

– Kreft angår oss alle, og vi opplever eit enormt engasjement for saka. Det er rørande og sjå dei initiativa som enkeltmenneske tar og gir av seg sjølv og si tid. Kreftforeningen sitt arbeid er basert på innsamla midlar og gåver, og utan innsatsen frå enkeltpersonar som Synne og alle andre som bidrar, kunne vi ikkje støtta viktig kreftforsking eller gitt eit tilbod til kreftramma i heile landet, seier Vangsnes.

Vangsnes har ikkje ei nøyaktig oversikt over tal på givarar eller innsamla pengar. Men han anslår at Kreftforeningen har fått inn millionbeløp via slike aksjonar allereie.

Artikkeltags