Løfta generator på 50 tonn

I LUFTA: Slik ser det ut når ein løftar ein 50 tonn tung generator.

I LUFTA: Slik ser det ut når ein løftar ein 50 tonn tung generator. Foto:

ENERGI: Kraftverket på Holsen kjem etter planen i drift i mai. Torsdag fekk dei på plass den 50 tonn tunge generatoren.

DEL

Lokale nyheiter - 5 kr for 5 veker

– Det er logistikken som er den største utfordringa når ein skal gjere eit slikt løft, seier Reidar Kandal, som er distriktsleiar for Kranringen AS.

Det var dei som utførte det spektakulære løftet av generatoren på Holsen torsdag.

Kan løfte 500 tonn

Krana som utførte løftet på Holsen, har ein arm som kan strekkast 150 meter ut. Den kan gjere løft på opptil 500 tonn. Ho blei produsert i mai i

FINJUSTERING: Generatoren blei senka gjennom eit hol i taket på kraftverkshuset.

FINJUSTERING: Generatoren blei senka gjennom eit hol i taket på kraftverkshuset. Foto:

fjor.

– Eg trur det er Norges største vegkran, i alle fall den nyaste, seier driftsleiaren.

TUNGE LØFT: Reidar Kandal og Kranringen AS er vande med å løfte tungt.

TUNGE LØFT: Reidar Kandal og Kranringen AS er vande med å løfte tungt. Foto:

Han fortel at det krev øving for å sette seg bak spakane i ein slik doning.

– Det er ikkje den første krana du set deg inn i som kranførar, for å seie det slik.

Måtte utsette løftet

I utgangspunktet skulle løftet av generatoren gjennomførast på tysdag, men transporten frå Spania til Holsen tok noko lenger tid enn først anslått.

SER FRAM TIL OPPSTART: Dagleg leiar for Holsen Kraft AS, Steinar Hårklau (t.v), saman md styreleiar Egil Vallestad.

SER FRAM TIL OPPSTART: Dagleg leiar for Holsen Kraft AS, Steinar Hårklau (t.v), saman md styreleiar Egil Vallestad. Foto:

Det er klart det kan dukke opp uventa hendingar som gjer at vi må endre planane. Når ein fraktar ein generator av denne størrelsen frå sør i Europa til Sogn og Fjordane, er det mykje logistikk og godkjenningar som må klaffe. Denne gongen blei vi forseinka fordi lasta blei stoppa på grensa til Danmark, fortel Kandal.

– Sette forseinkinga kjeppar i hjula for andre prosjekt der ein skulle nytte krana?

Nei, for tida er marknaden godt utrusta med kraner, fortel distriktsleiar Kandal.

Planlagt i over ti år

Det er om lag ti år sidan den førre kraftstasjonen på Holsen slutta å fungere.

– Når det førre kraftverket blei sett ut av drift, prioriterte vi ikkje å reparere det. Grunnen til det var at vi alt var i gang med å planlegge kraftverket som snart står ferdig, seier Steinar Hårklau, som er grunneigar og dagleg leiar for Holsen Kraft AS.

Når kraftverket på Holsen kjem i drift i mai, er det forventa at det vil produsere om lag 27 GWh ny kraft årleg.

Artikkeltags