Kva gåver håper du Julenissen skal gje deg i år?
– Ei avslappingshelg. Fred og ro og beina på bordet.
Kva barndomsminne har du om nissen?
– Eg hugsar at nissen banka på vindauget, og at vi for og sprang rundt, og at nissen ikkje kom seg inn døra, for han snubla i snøen, og då vi endeleg fekk hjelpt nissen inn, hadde han akkurat same sko som pappa, så det var litt rart.
Vil nissen på låven ha ei framtid med fellesfjøs og snøfrie vintrar?
– Ja, han må jo det.
Bli med på julekalenderen vår og vinn flotte premiar.
Bakar du sju sortar?
– Nehei, haha. Langt derifrå. Eg bakte peparkaker i går, og det kan hende vi gjer sju gonger. Vi et dei jo opp etter kvart som vi lagar dei. Men vi har nokre snille tanter som leverer mange sortar, og det er vi veldig fornøgd med.
Les også om Marthas tilbod i Angedalen: «Det står respekt av å ha lukkast slik»
Og julemiddagen består av …?
– Pinnekjøt, poteter, masse kålrabistappe og raudkål. Er det dessert, så blir det riskrem, men den er ikkje så nøye med.
Kor julete er du?
– Ikkje så veldig. Eg syns det er koseleg med jul, og eg likar å pynte og ordne, men eg er ikkje den som vaskar overalt og pussar sølvskeier og stressar over slike ting.
Skjemmer vi bort borna med dyre gåver?
– Absolutt. Det er nesten ei utfordring, i forhold til at dei får for mykje og ikkje rekk og ønske seg noko. Vi prøver å avgrense det slik at dei heller kan få pengar, eller at fleire kan gå i lag om ei gåve. Vi har jo alle lyst til å gje noko, og det er jo veldig fint, men det får litt bismak når vi vaksne må seie at «no må du legge vekk presangen du nett opna», for å gå vidare til neste.
Den finaste julepresangen du har gitt?
– Gåver som inneber reising eller tid i lag med venner og familie er kjekt, både å gi og få. Slike gåver syns eg er dei kjekkaste å gje.