«Tohundreårsregn» og nedbørsrekordar då rasa gjekk i Jølster

MANGE RAS: Den kraftige nedbøren førte til mange ras. Dette bildet viser raset ved Årsetbakkane.

MANGE RAS: Den kraftige nedbøren førte til mange ras. Dette bildet viser raset ved Årsetbakkane. Foto:

Av

Rasa i Jølster vart utløyst av «tohundreårsregn» som sette nye rekordar ved vêrstasjonane nærast rasstadene.

DEL

Regnet hølja ned då ei rekke jordskred vart utløyste ved Jølstravatnet i Sogn og Fjordane tysdag førre veke.

Fire ras trefte hovudfartsåra E39, og ein bit av fylkesveg 451 vart feia ut i vatnet rett etter at vegen var gjenopna av politiet. Her vart ein bil tatt av jordmassane, og leiting går framleis føre seg etter ein sakna mann som er antatt omkomme.

Folk i området beskreiv eit veldig vêromslag der 30 varmegrader og sol vart avløyst av lyn, tore og eit regn dei aldri før hadde sett.

At regnet var eksepsjonelt, blir stadfesta av Meteorologisk institutt.

– Det er nok dekning for å kalle dette tohundreårsregn, seier forskar Jostein Mamen til NTB.

Målingar sidan 1895

Tohundreårsregn betyr i denne samanhengen at det kom eksepsjonelle nedbørsmengder i løpet av eitt døgn i området der Jølstravatnet ligg.

Statistikken tyder på at slikt regn berre vil ramme det aktuelle området éin gong kvart 200. år.

To av vêrstasjonane som ligg nærast rasstadene, har målt døgnnedbør heilt sidan 1895. Ingen av dei har tidlegare registrert like mykje regn som tysdag førre veke.

På stasjonen i Botnen i nabokommunen Førde kom det 92 millimeter regn, og mesteparten fall i løpet av eit halvt døgn.

Ved Haukedalen målestasjon, som også ligg i Førde kommune, kom det 108 millimeter regn på 24 timar. Den gamle rekorden frå 1964 var på 66 millimeter.

Klimaendringane

Både forskarar og lokale innbyggarar har sett det kraftige regnet i Jølster i samanheng med klimaendringane. Ein av dei er statssekretær Atle Hamar (V), som bur ved Jølstravatnet.

Hamar, som var med og evakuerte folk med båt etter rasa, jobbar med klimasaker i Klima- og miljødepartementet.

– Plutseleg stod eg midt oppe i det sjølv. Det vart veldig nært for meg, sa han til NTB eit par dagar seinare.

At nedbøren var den kraftigaste som nokon gong er registrert i dette området, styrker teorien om at hendinga har samanheng med klimaendringane, ifølge Jostein Mamen ved Meteorologisk institutt.

– Eg vil tru at det er hovudsakleg sannsynleg, seier han.

Mykje ekstremregn i 2019

Ei rekke stader i Noreg har det vorte meir styrtregn dei siste 50 åra. Hovudforklaringa er at varmare luft kan halde på meir fukt.

Tre av dei fem høgaste målingane av timenedbør på Vestlandet gjennom tidene er frå 2019, har Meteorologisk institutt opplyst til Bergens Tidende. Desse målingane er gjort på ulike stader i Hordaland.

I Jordalen, ved grensa mellom Hordaland og Sogn og Fjordane, vart 16 menneske evakuerte etter fleire ras medan det regna kraftig måndag kveld. Meteorologisk institutt har ikkje målestasjonar i dette området og veit derfor ikkje nøyaktig kor mykje det regna her.

Utrekninga av kva som er «tohundreårsregn», er basert på målingar gjort over mange år fram til i dag. Styrtregn, som så langt har hendt svært sjeldan, kan bli langt vanlegare viss klimaet held fram å endre seg.

– Vi må førebu oss på fleire episodar med kraftig styrtregn i framtida og på at nedbørsintensiteten i slike episodar vil auke, åtvara Meteorologisk institutt førre veke.

Artikkeltags