Påska 2017 syng på det siste verset, og frå tysdags morgon skal det meste i samfunnet vere i aktivitet igjen. Ikkje minst vil det store utbyggingsarbeidet ved næringsparken på Moskog i Førde ta til igjen. Her starta maskinene til K.A. Aurstad for 14 dagar sidan opp arbeidet med grunnarbeidet med det 70 dekar store feltet mellom E39 og riksveg 5. Og medan påsketuristane har hasta forbi på vegane, har maskinentreprenøren sendt denne helsinga (sjå bildet) til dei ferierande medan anleggsarbeidarane også har teke ferie.
Stort område
Arbeidet på 70 dekar ligg innanfor grensa til Førde kommune, og planen er at Jølster på motsett side av kommunegrensa skal stille 230 dekar til rådvelde. Sunnmørsfirmaet K.A. Aurstad vann oppdraget med å opparbeide Førde-delen i prosjektet og har dei to siste vekene hatt fleire maskinar i sving på området. Arbeidet er stipulert til å vere ferdig om 23 veker, det vil seie seinhaustes 2017.
Førde kommune har teke opp lån på 38 millionar til dette arbeidet, og då inngår også ny hovudleidning for vatn og kloakk mellom Farsund og Moskog.