Politijakt på lastebil - køyrde i motgåande køyrefelt fordi det var glatt

Artikkelen er over 1 år gammel

Biljakt enda med at føraren fekk køyre vidare.

DEL

Politiet rykte ut med blålys frå Førde i retning Jølster rett etter klokka åtte i dag tidleg.

– Vi har fått tips om ein lastebil som er på veg frå Byrkjelo og sørover, som køyrer på ein måte som gjer at folk fattar mistanke. No køyrer vi ut for å komme i posisjon til å stoppe den og undersøke saka, seier operasjonsleiar ved Politi vest Terje Magnussen til Firda kl. 0800.

Klokka 0916 hadde politiet enno ikkje fått kontakt med lastebilen:

– Den har svinga av mot Sogndal. Vi er på veg etter den no, og får nok stoppa den ganske snart, seier magnussen.

Klokka 0944 opplyser politiets operasjonsleiar at lastebilen er stogga, og at føraren har fått lov å køyre vidare.

– Lastebilen er sjekka og funnen i orden. Føraren opplyste at han har køyrt roleg, og på rette strekker der det ikkje har vore trafikk har han lagt seg i venstre vegbane fordi det var veldig glatt på høgre sida. Etter samtalar med meldarane har ein funne at forklaringane stemmer overeins. Patruljen har vurdert han som skikka til å køyre vidare, seier Magnussen.

Artikkeltags