Mykje slåsting og festuro i natt

Artikkelen er over 2 år gammel

FYLKET: Politet har hatt ei travel natt med å ta hand om festløvar som ikkje har klart å oppføre seg.

DEL

På Vassenden i Jølster tok politiet i går kveld ein gut på 17 år i å drikking på offentleg stad i samband med eit alkoholfritt arrangement. Han vert meld for drikking på offentleg stad.

Trøbbel på utestadar

I Førde var det også mykje å gjere for politiet i samband med festing.

Først måtte politiet rykke ut til ein utestad etter melding om slåsting mellom to menn i 20-åra. Ingen vart skadde i slåstkampen, men den utøvande parten er sett i arrest, og vil verte meld.

Klokka 0237 vart tilkalla etter eit munnhoggeri mellom to 20-åringar utanfor ein annan utestad i Førde. Begge mennene som krangla vart sendt kvar sin veg.

Promillekøyring, slåsting og uro

Elles i fylket har politiet også hatt mykje å gjere med rusa personar i natt.

PÅ Nordfjordeid tikka det inn ei melding om slåsting utanfor ein utestad klokka 02.02, men der hadde kamphanane teke beina fatt før politiet kom til staden.

Også i Øvre Årdal måtte politiet rykke ut etter melding om ordensuro på offentleg stad klokka 0246. Det var to par i 40-åra som stod for uroa.

Politiet måtte også rykke ut til ein ungdomsfest på Loi i Luster, der det var mykje alkohol i omløp. Politiet var på staden kl. 21.22 i går, og festen fekk halde fram utan alkohol.

Likare var det ikkje i Florø; der vart politiet tilkalla etter at ein mann dreiv ordensuro på offentleg stad. Mannen i 30-åra vart vist fekk frå sentrum av politiet klokka 0028.

I Stryn måtte kneip politiet ein mann i 30-åra i å køyre i rusa tilstand klokka 0155. Det vert oppretta sak mot 30-åringen.

Også på Raudeberg vart ein mann i 30-åra teken med til blodprøve etter promillekøyring klokka 0256. Førarkortet hans er kverrsett, og saka vert meld.

Artikkeltags