Glatte vegar fleire stader: – Vi har sendt ut brøyte- og saltebil

Det plutseleg snøfallet som kom fleire stader i fylket i ettermiddagstimane skapar vegtrøbbel.

DEL

– Vi har fått beskjed om at det er veldig glatt på E39 Halbrendslia, Skei og i Våtedalen, seier Ketil Molvær i Statens vegvesen.

Difor har dei no sendt ut ein kombinert salte- og brøytebil for å få bort den glatte nysnøen.

Ein av Firda sine journalistar som er på vegen melder om at det også er svært glatt over Utviksfjellet.

– Det kom så overraskande på. No køyrer eg omtrent som ein nykonfirmant her, seier han.

Artikkeltags