Gå til sidens hovedinnhold

– Dette er det sjukaste eg har sett

Artikkelen er over 3 år gammel

TRAFIKK: Filma hasardiøs forbikøyring på E39.

Reidar Svalheim frå Jølster har montert kamera på dashbordet sitt, og filma søndag ei forbikøyring på E39 i heimkommunen som han reagerte sterkt på.

– Eg var på veg nordover frå Førde, då eg vart forbikøyrt av ein bil i Kusslia i Førde. Nokre gonger bremsa denne bilen kraftig opp, og andre gonger vingla han såpass mykje frå side til side så det kunne sjå ut som om han sat og fikla med mobilen. Og det var tydeleg at det var fleire personar inne i bilen. Så eg reagerte ganske spontant med at dette var ein bil som det kunne vere lurt å følge litt ekstra med på, så eg sette på kameraet på dashbordet, seier Svalheim og held fram:

– Men det verste skjedde nokre kilometer seinare. Då såg eg plutseleg at han svinga ut av rekka og gav gass sjølv om vi låg fire bilar tett etter kvarandre. Han kom seg forbi to av bilane, og den siste bilen passerte han rett før han kom over ein bakketopp. Då hadde han nesten ikkje sikt framover, og visste ikkje kva som kunne dukke opp. Berre eit par sekund etterpå kom det ein Volkswagen Caravelle i motsett retning. Og det kunne verkeleg ha blitt ein svært alvorleg frontkollisjon. For dette er noko av det sjukaste eg har sett, seier Svalheim.

Denne forbikøyringa skjedde rett etter Eikås i Jølster, like før ein køyrer inn i til tettstaden Vassenden. Heile denne strekninga på E39 er 70-sone. Denne strekninga er dessutan såpass smal at det ikkje er gul midtstripe i vegbana.

Fekk ein støkk

Reidar Svalheim jobbar til dagleg med trafikk- og logistikkopplæring i den vidaregåande skulen, og vedgår at denne opplevinga sette ein kraftig støkk i han.

– Når eg køyrer såpass mykje i trafikken og har fokus på sikkerheit, så opplever eg sjølvsagt både det eine og andre. Men denne forbikøyringa var kort og godt galskap. Eg hadde tidleg notert meg ned registreringsnummeret på bilen, og ringde til politiet. Eg gav dei opplysningar om at dette var ein bilførar dei måtte stoppe, då eg rekna med at han skulle vidare nordover på E39. Men dei hadde sjølvsagt ikkje ressursar til å rykke ut på så kort varsel på ein søndag, seier Svalheim som sjølv køyrde etter bilen ei stund til.

– Eg håpa sjølvsagt at han hadde stoppa opp på Jølstraholmen eller ein annan plass på Vassenden, men han fortsette berre. Slike bilførarar burde uansett ikkje få lov til å fortsette i trafikken. Dei set ikkje berre sitt eige liv i fare, men dei kan også sette andre sitt liv i fare. Dette er kort og godt uansvarleg framferd i trafikken, seier Svalheim då Firda kontaktar han etter at vi har sett filmen hans på Facebook.

– Ja, dette var så rystande at eg valde å legge ut opplevinga mi på Facebook. Og eg har også teke kontakt med lensmannskontoret på måndag og gjeve dei ein kopi av filmen. No håpar eg berre at dei på eit eller anna vis får tak i denne føraren, og fortel han at slik oppførsel i trafikken er livsfarleg, seier Svalheim etter opplevinga på E39.

Politiet svarar

Lensmann i Førde og Naustdal, Dag Fiske, stadfestar at han har teke imot videoen av forbikøyringa, og fortel at politiet vil forfølgje saka.

– Dette er ei hasardiøs forbikøyring som i utgangspunktet ville ha resultert i eit førarkortbeslag. Denne bilføraren set ikkje berre sitt eige liv i fare, men også andre sitt. Vi kjem til å undersøke litt nærare rundt identifikasjon av både bil og førar, og ser at vi kan få litt utfordringar med tanke på at det er ein utanlandsk bil. Men vi har registreringsnummeret, og må sjekke bilen opp mot eventuell anna informasjon vi har på denne bilen i systemet vårt med automatiske trafikkontrollar, seier Fiske og viser til at dei dagleg tek imot mange tips frå publikum på kritikkverdige tilhøve i trafikken.

– Dette er veldig god informasjon for oss, og vi stoppar dagleg bilar mange på bakgrunn av tips frå publikum. Samstundes må vi heile tida vurdere dette opp mot dei totale resursane vi har. Og i dette tilfellet med forbikøyringa på Vassenden, så var næraste patrulje litt for langt unna til at vi kunne rykke ut. Men vi håpar sjølvsagt at vi kan få fatt i denne bilføraren på bakgrunn av videoen vi har fått frå Reidar Svalheim. For førsteinntrykket av videogjennomgangen viser at dette er ei hasardiøs forbikøyring, seier Fiske.

Kommentarer til denne saken