Xiao Juan (19) pynta seg til sølvmedalje i NM

TOK SØLV: Xiao Juan, som er lærling hos Naustdal Dampbakeri, tok sølv i NM Ung konditor 2017.

TOK SØLV: Xiao Juan, som er lærling hos Naustdal Dampbakeri, tok sølv i NM Ung konditor 2017. Foto:

Artikkelen er over 3 år gammel

FØRDE: Xiao Juan, som er lærling hjå Naustdal Dampbakeri, vann sølv i Norgesmeisterskapen for unge konditorar.

DEL

– Det er veldig kjekt og langt over forventingane mine, seier Ålesund-jenta som har vore lærling hos Naustdal Dampbakeri sidan juli i fjor.

– Kva forventingar hadde du?

– Eg prøvde å ha så låge forventingar som mogleg slik at eg skulle sleppe å bli skuffa, svarar Juan.

19-åringen var den yngste av seks deltakarar i meisterskapen og kan no smykke seg med tittelen som Norges nest beste unge konditor.

Mykje trening

Juan fortel at det ligg mykje trening bak torsdagens prestasjon.

– Eg har trent i arbeidstida, etter jobb og i helgene.

Sjølv om det har vore mykje jobb synest ikkje 19-åringen at det har vore slitsamt å trene.

– Det har vore ein kjekk og veldig lærerik periode.

– Korleis kvalifiserer ein seg til ein slik konkurranse?

– Ein sender inn eit omfattande søknadsbrev som inneheld oppskrifter og tankar ein har rundt konditorfaget, svarar Juan.

Ole John Berntsen, som er konditor og styreleiar hos Naustdal Dampbakeri AS, har vore trenaren til Juan i perioden fram mot meisterskapen.

– Mykje av treninga går ut på å utvikle kaker og oppskrifter, seier Berntsen.

Konditoren fortel at Naustdal Dampbakeri legg mykje vekt på slike konkurransar.

– Vi ser det som ein veldig fin arena å utvikle seg på, samt at slike konkurransar betyr mykje i bransjen generelt, seier han.

Hadde lyst å komme til Førde

Juan har litt over eit år att av læretida si hos Naustdal Dampbakeri. Det var ikkje tilfeldig at Sunnmøringen valde nettopp Naustdal Dampbakeri som sin lærearena.

– Eg hadde høyrt veldig mykje bra om Naustdal Dampbakeri og tenkte at det ville vere ein fin plass å utvikle meg som konditor.

19-åringen kan ikkje bekrefte om ho ser for seg ei framtid i Førde.

– Eg tek ein dag av gongen. No vil eg først og fremst fokusere på å utvikle meg som konditor og delta i fleire konkurransar, seier ho.

Berntsen har berre lovord å komme med når det gjeld 19-åringen.

– Framtidsutsiktene hennar ser veldig bra ut. Ho kjem så langt som ho vil, avsluttar Berntsen.

Artikkeltags