Utbygginga av tennisbanene i Hafstadparken er i gong

MYKJE BRUKT: Leiar i Førde tennisklubb, Bård Åsnes, trur banene kjem til å bli mykje brukt.

MYKJE BRUKT: Leiar i Førde tennisklubb, Bård Åsnes, trur banene kjem til å bli mykje brukt. Foto:

FØRDE: – Interessa for tennis blir større og større, fortel Bård Åsnes, leiar i Førde tennisklubb.

DEL

Utbygginga av tennisbanene i Hafstadparken er endeleg i gong, og leiar i Førde tennisklubb, Bård Åsnes, gler seg over dette.

– Vi byrja å samle inn pengar i fjor sommar, medan bygginga av banene byrja førre måndag, med grunnarbeid og asfaltlegging, seier Bård Åsnes.

Dersom alt går etter planen vil to tennisbaner stå klare i Hafstadparken innan månadsskiftet april/mai neste år.

– Den eine bana vil ha eit skikkeleg tennis-dekke, medan den andre vil vere ei asfaltbane, fortel Åsnes.

Åsnes trur ein av grunnane til at tennisbanene i Hafstadparken kjem først no, tre år etter parken opna, er at folk ikkje var klar over den store interessa for tennis då den vart laga. Han legg til at det er stor interesse for tennis i dag, og stadig fleire melder seg inn i klubben.

– Vi får stadig nye medlemmer. Ofte er det folk som har spelt tennis andre stader, og vil fortsette med det i Førde, seier Åsnes, som tykkjer det er veldig kjekt at det endeleg blir tennisbaner i Hafstadparken.

For å finansiere banene har tennisklubben samla inn 140.000 kroner via ei innsamling på Facebook. Dei har også fått midlar frå ulike stiftingar, mellom anna sparebankstiftinga.

– Vi skulle eigentleg setje opp gjerde rundt banene, men vi manglar 65.000 kroner for å få det til, seier Åsnes, som håper at dei får inn nok midlar til dette i framtida.

Artikkeltags