Olve tener mest i vårt fylke – Så mykje tener din ordførar

Olve Grotle

Olve Grotle Foto:

Av

Forskjellane på ordførerlønningane i Norge er store: Frå meir enn ein statsrådsløn til inga løn i det heile teke.

DEL

(Nettavisen) Lønsutbetalingane til landets ordførarar har auka kraftig dei siste åra, og mange ordførarar har no millioninntekt.

For å vise kva våre 422 folkevalde ordførarar får i godtgjersle/løn, har Nettavisen bedt om innsyn i ordførerlønene i alle norske kommunar.

Opplysningane som er henta inn, viser at ordførarane i gjennomsnitt tener 862.559 kroner. Og det er store forskjellar mellom kommunane.

Kvar tiande ordførar, 45 totalt, har ei godtgjersle på over éin million kroner.

Olve tener mest

Førde sin ordførar, Olve Grotle (Høgre), tener mest i Sogn og Fjordane. Han har ei årsløn på 1.092.013 kroner, og er ein av dei 20 ordførarane i Norge som tener mest.

Han ligg berre litt framfor Petter Sortland (Ap) i Høyanger, som har 1.090.000 kroner.

Desse to ordførarane tener meir enn Bergens-ordførar Marte Mjøs Persen, som er ordførar i Norges nest største by, med 280.200 innbyggarar og 6.800 kommunalt tilsette.

Flora-ordførar Ola Teigen (Ap) tener 956.463, mens Kinn-kollega Kristin Maurstad (Ap) i Vågsøy får 823.000 kroner i årleg godtgjersle. Audun Åge Røys (H) i Bremanger har 812.994 i årsløn.

Alfred Bjørlo (V) på Eid har 789.312 kroner årleg, mens Håkon Myrvang (Ap) i Naustdal har 721.600.

Millionløn

Heilt på topp av lønsstatistikken finn ein ikkje Norges største kommune, men ein middels stor kommune med om lag 30.000 innbyggarar.

Høgast ordførerløn har nemleg ordførar Tom Staahle (Frp) i Ullensaker kommune i Akershus, som er den einaste av ordførarane som tener meir enn ein statsråd. Han har ei inntekt på 1.404.900 kroner.

Rett bak han kjem landets einaste SV-ordførar, Marianne Borgen, som i Oslo tener det same som ein statsråd, 1.365.000 kroner.

Over 1,2 millionar kroner tener også ordførar Christine Sagen Helgø (H) i Stavanger kommune i Rogaland, ordførar Harald Furre (H) i Kristiansand kommune i Vest-Agder og ordførar Øyvind Sand (Ap) i Rælingen kommune i Akershus.

– KS ville ikkje hjelpe

Bakgrunnen for innsynskravet frå Nettavisen til kommunane, var at KS, kommunesektorens interesse- og arbeidsgivarorganisasjon, i september nekta å gi ut oversikta dei har over ordførarane sine godtgjersler.

Etter avslaget har Nettavisen kontakta kvar enkelt kommune, og har bede om innsyn i ordførerlønningane med tilvising til offentleglova.

– Vi syns det var merkeleg at det skulle vere så vanskeleg å få ein oversikt over kva norske ordførarar faktisk tener. Og når KS ikkje ville hjelpe oss, gjekk vi i gang sjølve, seier nyheitsredaktør Erik Stephansen i Nettavisen.

Han meiner det er viktig at ei samla oversikt over kva de ifolkevalde ordførarane tener, blir offentleggjort.

– Ei slik oversikt har absolutt demokratisk interesse. Opplysninga om kva ordføraren i din egen kommune tener, er jo berre verdifull i den grad du kan samanlikne med andre kommunar. I vår oversikt kan alle gjere sine eigne søk og samanlikne med kven dei vil, fortel han.

Desse tener minst

Nedst på lønningslista, med null kroner i godtgjersle, finn vi ordførar Knut Jentoft (70) i Storfjord kommune i Troms. Han har sjølv vald å ikkje ta imot godtgjersle.

Den som faktisk tener minst, er ordførar Jørgen Amdam i Volda kommune i Møre og Romsdal, som har ei godtgjersle på 453.464 kroner, ifølge opplysningar gitt av kommunen.

Nedst på lista finn vi også ordførar Gustav Kalager (Ap) i Krødsherad kommune i Buskerud, med ei godtgjørelse på 487.795 kroner, og ordførar Marte Eide Klovning (Lokal liste) i Utsira kommune i Rogaland, som har ei godtgjørelse på 519.000 kroner.

Ser mot Stortinget

Mange av kommunane sine godtgjersler til ordførarane er basert på ein stortingsrepresentant si løn, som no er på 956.463 kroner.

Enkelte kommunar reknar løna ut frå 80 prosent av Stortingets lønsnivå, mens andre har 90 prosent – eller heilt lik godtgjersle.

NB! I tillegg til ordførarane sine godtgjersler, kjem ulike tillegg som ordførarane får for sin jobb, som ved å leie utval eller sitte i styrer, i tillegg til dekking av diverse utgifter, som telefon og transport. (ANB)

Artikkeltags