Fredag 27. februar starta det å brenne i eit leilegheitsbygg på Nordeide i Høyanger. Tre dagar seinare vart ein asylsøkar arrestert i saka.
Denne veka har rettssaka mot mannen pågått i Fjordane tingrett. Han står tiltalt på fleire punkt: Forsøk på mordbrann som kunne kosta sju menneske livet, drapstruslar og grove tjuveri.
I tre dagar har bevis blitt lagt fram, sivile og politi har vitna og den tiltalte har forklar si versjon av kva som skjedde ettermiddagen huset han budde i byrja å brenne.
Ventar på dommen
På slutten av rettssaka la aktor fram krav om tre år og tre månadar fengselsstraff for alle punkta mannen er tiltalt for. Forsvararen har kravd frikjenning på alle punkt i den alvorlege tiltalen.
Det mest alvorlege tiltalepunktet er §148 i straffelova som går på forsøk på mordbrann. Her er minstestraff to år og maksstraff 21 år.
– Om han vert dømt på dette punktet, kjem ein ikkje under tre år med fengselsstraff, sa forsvarsadvokat Kjetil Johannes Ottesen i retten.
Dersom den tiltalte vert frifunnen på alle punkt vil forsvararen sjå på grunnlag for erstatning. Mannen har sete 287 dagar i varetekt i Vik og Bergen fengsel. No er det opp til dommarane å avgjere om han er skuldig eller ikkje.
Firda har laga ei tidslinje basert på bevismateriale som påtalemakta har lagt fram og vitneforklaringar frå sivile og den tiltalte.
Høgdepunkta frå rettssaka
Før rettssaka starta måndag skreiv Firda at utleigar av leilegheitsbygget som vart påtent, Torleif Julseth, angrar på at han leigde ut til Steinar Dvergsdal og Norsk Mottaksdrift.
Brannen starta under eit sikringsskap i ein bod i leilegheitsbygget. Elektrisk feil på sikringsskapet skal ikkje vere årsaka til brannen, har det komme fram i ein ekstrarapport skrive av elektroekspertar
Frode Lutentun var i bygget då det byrja å brenne og fekk redda seg ut saman med dei to borna sine. Sambuaren Trude Marlen Julseth har vore sterkt prega etter brannen som nesten kosta ho familien sin.
Fleire av bebuarane på asylmottaket har forklart i retten om ein slåstkamp og drapstruslar frå den tiltalte i den perioden mannen budde der. Mottaksleiar på det tidspunktet, Ronja Normann Anexstad har forklart at den tiltalte kjende seg forfølgd og var redd for livet sitt.
I løpet av helga etter brannen skal eit vitne ha plassert den tiltalte i ein fritidsbustad i Ytredalen. Her skal tiltalte ifølge politiet ha gjort innbrot og stole med seg fleire gjenstandar.
Måndagen etter brannen møtte tiltalte sjølv opp på Høyanger lensmannskontor. Politiet var då på Nordeide for å gjere granskingsarbeid.
I løpet av rettssaka har tiltalte budd på ei celle på Førde lensmannskontor. Ifølge forsvararen hans var det eit brot på menneskerettane til tiltalte å vere isolert over ein så lang periode.