Fleire tekne for manglande sikring av born i bil

Artikkelen er over 1 år gammel

VEGVESEN: Politiet har hatt fleire kontrollar i morgontimane på torsdag. Her tok dei tre for ikkje å ha sikra born godt nok under køyring.

DEL

Politiet har denne torsdagen gjennomført fleire trafikkontrollar, og desse avdekka at fleire hadde mangelfull sikring av born.

Det første tilfellet avdekka politiet i Høyanger. Av 12 kontrollerte vart det delt ut eit forenkla førelegg for manglande sikring.

I Eikefjord vart to førarar tekne for det samme, og kvar av desse vart tildelt kvart sitt forenkla førelegg.

Det vart også gjennomført ein trafikkontroll i Førde i samme tidsrom. Her vart det delt ut to gebyr etter at to vart tekne for å ikkje ha med førarkort under køyring.

I tillegg til politiets kontrollar har også Vegvesenet køyrt fleire bilbeltekontrollar med fangst denne torsdagen, dette etter at dei dagen før varsla fleire kontrollar for å sikre at fleire brukar bilbelte i buss.

Artikkeltags