– Eg har ikkje snakka med klienten min, men det er all grunn til å tru at han ikkje kjem til å vera nøgd med resultatet, seier forsvarar Kjetil Johannes Ottesen.

Les også: Krev over tre år for forsøk på mordbrann

Måndag ettermiddag var dommen klar. Mannen har blitt dømt på alle punkt utanom ein trussel som skal ha blitt skrive på ein lapp og lagt på fornærma sin bil.

Det var i februar i år at mannen skal han sett fyr på eit leilegheitsbygg og sett livet til sju menneske i livsfare.

Les også: Her plasserar politiet den tiltalte

– Anten fengsel eller fri

Forsvararen hadde ikkje snakka med klienten sin då Firda ringte.

– Om ein vert dømt for mordbrannparagrafen så ligg straffenivået på rundt tre år. I denne saka var det anten frikjenning eller fengsel, seier Ottesen.

32-åringen vil få tre år og tre månadar vilkårslaus fengsel med frådrag på dei 296 dagane han har sete i varetekt fram til saka vart lagt fram i Fjordane Tingrett.

Les også: Tiltalte møtte opp på lensmannskontoret medan politiet leitte etter han

Fleire kunne ha omkomme

I dommen står det at fredag 27. februar omlag klokka 17.30 på Nordeide i Høyanger har 32-åringen tent på materiale i eit rom i fyrste etasje i eit bustadbygg. På tidspunktet brannen starta var det fem personar i bygget.

Brannvesenet fekk sløkt brannen og stoppa røykutviklinga før liv gjekk til.

Det kjem klart fram i dommen at om ikkje brannen hadde blitt stoppa så tidleg som den vart, kunne fleire av dei som var i bygget ha omkomme. Faren før at bygget, som har ein verdi på 17 millionar kroner, hadde brent ned eller blitt totskada var også høg.