No får dei IT-utdanning eitt år tidlegare enn planlagt

FÅR IT-UTDANNING: Fylkesmann og leiar for IT-forum, Gunnar O. Hæreid, instiuttleiar for avdeling for ingeniør- og naturfag Eli Nummedal og høgskulelektor Joar Sande.

FÅR IT-UTDANNING: Fylkesmann og leiar for IT-forum, Gunnar O. Hæreid, instiuttleiar for avdeling for ingeniør- og naturfag Eli Nummedal og høgskulelektor Joar Sande. Foto:

Artikkelen er over 3 år gammel

UTDANNING: Målet var å ta imot første kull i 2018. Tysdag kom nyheita om at fylkets første IT-utdanning kan starte opp allereie frå hausten.

DEL

– Årsaka til det er at regjeringa løyvde fleire studieplassar innanfor IKT til den nyfusjonerte Høgskulen på Vestlandet (HVL) i revidert statsbudsjett før jul. Høgskulestyret vedtok å fordele nokre av plassane til nærregionen Sogn og Fjordane, og ein kan difor ta opp studentar i Førde alt til hausten, seier leiar for IT-forum og assisterande fylkesmann, Gunnar O. Hæreid.

– Vi ville truleg fått desse studieplassar seinare, men ikkje no. Så dette er ein gledeleg dag for fylket, seier han.

Tett samarbeid med næringslivet

Kartleggingar viser at dei som tek IKT-utdanning ofte slår seg ofte ned der dei tek utdanninga si. Dei siste åra har det vore jobba for å få plass i IT-utdanning i Sogn og Fjordane for å stimulere vekst og kompetanse til fylket. For næringslivet i fylket skrik etter folk med IT-kompetanse.

– No kan vi utdanne folk med IT-kompetanse i Sogn og Fjordane, og knyte dei opp mot næringslivet i heile fylket i løpet av studiet, seier prorektor ved Høgskulen på Vestlandet, Rasmus Stokke.

Instituttleiar for avdeling for ingeniør- og naturfag på campus Førde, Eli Nummedal, ser fram til å samarbeide med næringslivet.

 – Det er veldig gledeleg å kunne få tilby dette studiet. Det vil komplettere ingeniørstudia vi har, seier ho.

Vil ha 20 studieplassar

Investeringa til studiet er på plass etter støtte frå mellom anna frå Sparebankstiftinga i Sogn og Fjordane (1 million) og Innovasjon Norge.

– Det som står att no er å jobbe vidare med studieplanen opp mot behovet til næringslivet i fylket. Samt rekruttere studentar, lærarkrefter, og praksisplassar frå område, seier Hægreid.

Dei skal også jobbe for 10 studieplassar til. Denne satsinga gler dagleg leiar av Rocketfarm i Sogndal, Aslak Os. Dei har 14 tilsette, men berre ein av dei er oppvaksen i Sogn og Fjordane.

POSITIV: Aslak Os, dagleg leiar i Rocketfarm meiner den nye IT-utdanninga er godt nytt for næringslivet i fylket.

POSITIV: Aslak Os, dagleg leiar i Rocketfarm meiner den nye IT-utdanninga er godt nytt for næringslivet i fylket. Foto:

– Vi har eit stort fagmiljø i fylket, men har til no mangla utdanning. No kan Sogn og Fjordane byggje studentar ein ikkje får andre stadar, seier han.

Lokalt opptak

Den endelege studieplanen til IT-utdanninga er framleis under arbeid og kan bli endra til opptaket i 2018.

– Første kull kjem til å følgje same studieplanen som informasjonsteknologistudiet ved HVL Campus Bergen. Opptakskravet er matematikk R1 (S1+S2), men ein vil også vere ein kvalifisert søkjar om ein tek sommarkurset vårt i matematikk eller ved realkompetansevurdering etter fylte 25 år, seier Joar Sande, høgskulelektor ved ingeniørutdanninga.

Ettersom studieplassane først vart tildelt så seint på året, vert ikkje studiet ein del av Samordna opptak i år. Onsdag vil det derimot bli opna for lokalt opptak på høgskulen sine nettsider.

– Truleg ville vi fått breiare nasjonal rekruttering viss det var gjennom Samordna opptak, men samstundes er mange vand til at nokre av studia her har nettopp lokalt opptak. Likevel gjeld det no å stå på for å nå ut med det glade bodskap, seier Nummedal.

Les tidlegare saker om temaet:

Trur IT-utdanninga er på plass hausten 2018

Vil ha IT-utdanning til Førde

Artikkeltags

Kommentarer til denne saken